Hopp til innhold

Best når det gjaldt som mest

FØRDE STADION (NRK): Førde tok sin første trepoengar sidan 16. august, anført av ein dominerande Eirik Lund Holm som var både høgt og lågt i 90 minutt.

Eirik Lund Holm scorar

1-0: Eirik Lund Holm (med ballen i beina) vender vekk forsvararen og sett i 1–0 scoringa etter ein halvtime av kampen.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

– Eg føler eg har underprestert heile sesongen og endeleg losna det. Eg har gått i meg sjølv og tenkt over kva feil eg har gjort. Eg meiner eg leverte årsbeste i dag, seier ein utsliten Eirik Lund Holm til NRK etter kampslutt.

Gjennom heile kampen terroriserte han forsvaret til Aalesund 2 med stor bevegelegheit og høg innsats. Som lønn for strevet sat han att med ei scoring, eit tildelt straffespark og prisen for banas beste spelar.

Burde scora fleire

Scoringa var Lund Holms første sidan han scora to mot Florø i 5–2 tapet 29. august. Målet kom etter ein halvtimes spel då Førde kom seg rundt på kanten, og eit innlegg langs bakken enda opp hos spissen. Han vende seg kjapt og sette ballen kontrollert bak ein sjanselaus AaFK 2-keeper.

– Eg hadde nok sjansar til å scora fem, seks mål i dag, men vi vant kampen og då kan ein ikkje klage, seier Lund Holm.

Før kampen mot Aalesund låg laga likt på tabellen, med Førde på plassen framfor på fleire scora mål. Eit tap ville sendt Førde under streken med ei luke på tre poeng til trygg plass.

– Det var utruleg herleg å ta tre poeng att og spelarane sto på og jobba hardt gjennom heile kampen, seier Førde-trenar Stig Nord.

2–0 scoringa kom etter 60 minutt, etter at Sindre Austevoll hamra ballen i mål frå ti meter. Førde kunne gått opp i 3–0 frå straffemerket i sluttminutta, men ei god redning stoppa straffa til Vegard Saveland. Sigeren er den første sidan midten av august og enda tapsrekkja på sju kampar.

Sindre Austevoll

JUBEL: Sindre Austevoll kunne strekka armane i været og jubla over 2–0 scoringa si i andre omgang.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Mister kapteinen

Førde er no på trygg grunn før dei to gjennståande kampane mot Ham-Kam (b) og Kongsvinger (h). I desse to kampane må dei klara seg utan kaptein Vegard Gjermundstad, som vart utvist i sluttminutta.

– Heilt latterleg, seier ein tydeleg frustrert Gjermundstad på veg av bana mot garderoben.

– Det var eit klart gult kort og ikkje noko meir enn det. Begge trenarane er einige om at det var horribelt å gje raudt kort der, men det er ikkje første gang den dommaren viser ut ein av våre spelara, oppsumerer Nord, som sto rett ved då Gjermundstad utførte taklinga.

Over 500 tilskodarar tok turen til Førde stadion, der det var gratis inngang for anledninga.

– Utruleg kjekt å spela når det er bra med folk og god stemning på tribunen. Kanskje vi bør satse på gratis inngang til fleire kampar, seier målscorar Lund Holm.