Hopp til innhold

Best i landet på medlemsverving

Raude Kross sitt lokallag i Svelgen vart heidra på landsmøte i Oslo fredag.

Laila Synøve Sande tek imot heider frå president Thorvald Stoltenberg
Foto: Ståle Wig, Røde Kors

Lokallaget har verva 420 medlemmer den siste tida, ein auke på 186 prosent.

President Thorvald Stoltenberg i Norges Røde Kors overrekte diplom til ein lukkeleg lokallagsleiar, Laila Synnøve Sande.

Premien til Svelgen er ei reise for åtte personar til hovudkontoret i Geneve.