NRK Meny

Best i landet i norsk sidemål

Fylkesmannen skriv på nettsidene sine at elevane i Sogn og Fjordane har høgast snitt i landet i norsk sidemål, etter grunnskuleeksamen i 2017. Landssnittet i sidemål ligg på 3,3, og i her i fylket er snittet 3,6. I norsk hovudmål kjem derimot elevane våre dårlegare ut enn landssnittet, som ligg på 3,5. I Sogn og Fjordane er snittet 3,3. Fylkesmannen rår skulane i fylket til å leite etter grunnane for kvifor det er slik.

Vegopning på Bergum i Førde kommune