Hopp til innhold

Best av dei norske

Karoline Erdal (19) enda på ein 14.-plass under jaktstarten i Polen.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

I BETRE FORM: Karoline Erdal merker at forma i løypa vert betre og betre under EM i Polen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Av alle dei norske kvinnene under jaktstarten var det Førde-jenta Karoline som klarte seg best. Ho gjekk ut som nummer 14, og enda på same plassering etter målgang.

– Det var eit hardt løp. Eg starta i eit fysisk sterkt felt så det gjekk fort frå start av. Det var kjedeleg med to bom på første ståande, men alt i alt er eg nøgd, sa Erdal etter løpet.

I går hadde ho eit klart håp om topp ti.

– Draumescenarioet må vera å gå seg inn topp ti, men då skal mykje klaffe. Eg må ha ein god dag i sporet og gjera det eg skal på standplass, men topp ti hadde vore veldig moro, seier ho på telefon frå polske Duszniki-Zdrój.

Erdal står no med to 14.-plassar og ein 15.-plass etter dei tre individuelle renna under EM.

Kort veg til pallen

På sprinten fredag var Erdal 1.11 minutt bak vinnaren, men opp til pallen er det berre 34 sekund. Likevel er det topp ti som er målet hennar, og det opp dit skil det seks sekund.

– Eg følte meg mykje betre på sprinten enn det eg gjorde på normaldistansen. Eg er veldig nøgd med løpet og det er første gang eg har skote ti treff i sprint på dette nivået, seier ho til NRK.

Framfor ho på resultatlista er det mange sterke namn, blant anna gårsdagens vinnar Julija Dzjyma som har både OL-gull og VM-sølv i stafett på merittlista. I tillegg er det fleire utøvarar frå Aust-Europa med pallplasseringar både i VM, OL og verdscupen.

– Det er mange i feltet som går fort, men ein skal jo skyte også. Spennande vert det uansett, seier Erdal.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

I BETRE FORM: Karoline Erdal merker at forma i løypa vert betre og betre under EM i Polen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix