Hopp til innhold

Alltid moro når besøkstenesta til Røde Kors kjem innom

FØRDE (NRK): I år fyller besøkstenesta til Røde Kors 70 år. Berre her i fylket bidreg 550 frivillige til å gjere kvardagen litt lettare og meir sosial for folk i alle aldrar.

Olaug Joleik Kirkebø og Liv Aabrekk

FÅR BESØK: Olaug Joleik Kirkebø og Liv Aabrekk trimmar med ballongar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det å få besøk er veldig viktig, seier Kirsti Ramstad.

Ho er ei av mange som har stor glede av besøkstenesta til Røde Kors. Det er ei ordning der frivillige bidreg til å gjere kvardagen litt lettare og meir sosial for folk i alle aldrar, enten gjennom ein kafétur eller eit besøk.

101-åringen Tora Gjelsvik set og stor pris at besøksvenene til Røde Kors arrangerer alt frå høgtlesing til trening. Denne veka gler ho seg til å bli med ut på kafébesøk.

– Der har eg ikkje vore, så det kunne vere kjekt å sjå, seier Gjelsvik.

– Og då er det kjekt å ha med seg nokon?

– Eg har alltid nokon med meg, det er ikkje vanskeleg, ler Gjelsvik.

BESØKSTENESTE: Her kan du høyre kor artig det kan vere når besøkstenesta kjem på besøk til Kirsti Ramstad og Tora Gjelsvik.

Meiningsfylt

Med 550 frivillige besøksvener i Sogn og Fjordane er tilbodet til Røde Kors eit lyspunkt i kvardagen for både yngre og eldre.

Ei av desse, Marie Dombestein, opplever det som svært meiningsfylt å vere besøksven i Førde.

Marie Dombestein

BESØKSVENN: Marie Dombestein har stor glede av å vere besøksvenn.

Foto: Solveig

– Når ein går ut av arbeidslivet så får ein mykje fritid, og då er det kjekt å gjere noko meiningsfylt, seier Dombestein.

I dag er ho på besøk i ein omsorgsbustad i Førde.

– På slike besøk så har vi gjerne litt høglesing, før vi har litt gymnastikk. Av og til syng vi også litt og elles så pratar vi og har det triveleg, seier Dombestein.

For unge og gamle

I dag er det 22 av kommunane i Sogn og Fjordane som har besøksteneste gjennom Røde Kors. Nokre av kommunane har også fleire lokalforeiningar og fleire besøkstenester.

– Vi veit at det er mange som av ulike grunnar er einsame i løpet av livet. Dei fleste besøkstenestene er retta mot eldre, men det er ikkje berre eldre som er einsame, seier Henriette Solheim i Røde Kors.

Tora Gjelsvik og Henriette Solheim

POPULÆRT TILBOD: Besøkstenesta til Henriette Solheim og Røde Kors er svært populær.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

For besøkstenesta er ikkje berre eit tilbod til eldre i omsorgsbustadar. Statistikkar som Røde Kors har syner at det gjerne er personar i 20-åra og dei over 75 år som er mest einsame.

– Besøkstenestene vi har driv med eit breitt spekter av aktivitetar. Det er alt frå turgrupper, høglesing, trening og så har vi og song og musikkgrupper som er svært populære, seier Solheim.