Hopp til innhold

Besøkstala stuper: – Det er ikkje så viktig at mange går i kyrkjene

HAFSLO (NRK): Sidan 2011 har over 800.000 færre nordmenn brukt kyrkjene utanom jul og høgtider, men i Luster meiner presten at det ikkje er noko stort poeng at det er mange folk på gudstenestene.

Vidar Mygland Nes, prest i Hafslo

MØTE MED GUD: Prest i Hafslo Vidar Mygland Nes tykkjer ikkje det er noko stort poeng at det er mange på gudsteneste, det viktige er at dei som er der får eit godt møte med gud.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det som er viktig er at dei som kjem får eit godt møte med Gud, seier prest i Hafslo kyrkje Vidar Mygland Nes.

Hafslo kyrkje er ei av tolv kyrkjer som er i bruk i Luster kommune i Sogn. Kommunen har berre 5000 innbyggjarar og langt færre kyrkjegjengarar.

Når NRK vitjar kyrkja i Hafslo på ein vanleg gudsteneste i desember er det berre 13 personar til stades. Presten er likevel fornøgd med oppmøtet.

– Eg tykkjer det var ei god gudsteneste. Det er klart det varierer veldig kor mange som kjem, men det er ikkje talet på kyrkjegjengarar som er viktig, seier han.

Og sjølv om dei som går i kyrkja blir både færre og eldre fryktar ikkje presten av kyrkje skal miste status som ei folkekyrkje.

– Det har alltid vore krevjande for kyrkja å finne sin plass i samfunnet, og eg er ganske sikker på at kyrkja vil vere viktig for folk også om 50 år, seier Nes.

Kyrkjelyden i Hafslo kyrkje

KYRKJEGJENGARAR: Det er ikkje så mange som kjem på vanlege gudstenester i Hafslo, men på høgtider og ved spesielle høve kan kyrkja vere heilt full.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Kyrkja kjennest framand for folk

Men det er slett ikkje alle som tykkjer det fallande besøkstalet er uproblematisk. Karin Johansen går fast i kyrkja i Hafslo, og tykkjer det er synd at det ikkje er fleire som gjer det same.

– Eg trur det er mange fleire kristne i bygda enn dei som brukar kyrkja, og kanskje er det endå fleire igjen som kunne vore interesserte i å lære meir om kristendommen, seier ho.

Ho meiner det fallande besøkstalet handlar om at gudstenestene kanskje er for konservative.

– Det blir ganske internt, det blir for oss som går her fast. Eg trur mange kan oppleve kyrkja som framand. Eg trur ikkje kyrkjene gjer nok for å gjere gudstenestene relevant for liva til folk flest, seier Johansen.

Kyrkjegjengar i Hafslo kyrkje

KAN GJERE MEIR: Kyrkjegjengar Karin Johansen meiner at kyrkja kan gjere meir for å trekkje til seg folk.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kyrkjebesøket stuper i heile landet

Og det er ikkje berre i Hafslo og Ortnevik at det er stadig færre som går i kyrkja. Over heile landet ser ein den same tendensen.

Prest Vidar Mygland Nes i Hafslo seier at han søkte på prestestillinga i den vesle bygda fordi han hadde lyst til å jobbe som prest på bygda. Han trur den posisjonen kyrkja har i små samfunn vil halde fram med å vere sterk også i framtida.

– Vi ser allereie no at det er ein veldig stor skilnad på bygd og by. Kyrkja betyr mykje meir folk på bygda, og slik vil det nok også vere i framtida, trur han.

Presten er heller ikkje uroa over at dei som går i kyrkja er stadig eldre.

– Det har jo alltid vore slik at dei som brukar kyrkja fast gjerne er litt eldre. Kanskje har det noko å gjere med at du får eit litt anna perspektiv på livet når det nærmar seg slutten. Kanskje har også mange eldre eit sterkare behov for å kjenne samhald og tilhøyrsle.

Vidar Mygland NEs prest i Hafslo

HAR TRUA: Prest Vidar Mygland Nes har trua på at kyrkja vil vere viktig for folk også i framtida.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK