Politiet bad i dag om fengsel i tre år utan vilkår for den utruskapstiltalte eks-fylkestoppen i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
På vegne av fylkeskommunen kravde aktor politiadvokat Magnus Engh Juel også opp til fire millionar kroner i erstatning.
– Vi har tatt utgangspunkt i kva som har vore sagt i høgsterett og lagmannsrett, og dei konkrete momenta i denne saka, seier Juel til NRK.
– Utanfor all sunn fornuft
Den tidlegare sjefen i fylkeskommunen har vedgått delvis straffskuld, då han erkjenner å ha brukt mellom 150.000 og 200.000 fylkeskommunale kroner på ulovleg måte.
– Påstanden er utanfor all sunn fornuft, er forsvarar Stig Nybø sin umiddelbare kommentar ovanfor NRK etter at aktor la ned sin påstand.
Den tiltalte mannen har siste vekene måtte svare for bruk av 3,7 millionar kroner, som politiet meiner han sjølv, ein lokal fotballklubb og andre kring han fekk nytte av.
Sjå eksempel på beslag:
Mannen erkjende at mykje av utstyret aldri har vore brukt av fylkeskommunen, og meinte at mykje av utstyret som vart nytta av andre var «lånt ut». Ein god del utstyr har i fleire år stått ubrukt på ulike adresser.
Han hevda også at han for seint kom i gang med å plassere alt på fylkeskommunalt lager.
Aktor fann ingen formildande omstende. Han viste mellom anna til at mannen i stor grad erkjende forhold først etter at politiet la fram bevis.
– Oppkonstruert
Mannen handla inn ei lang rekkje utstyr til lyd- og bildeproduksjon. Dette hevda han skulle nyttast til å rekruttere folk til fylkeskommunen og til intern undervisning. Aktor meinte denne forklaringa var oppkonstruert og lite truverdig.
Juel viste vidare til at mange er ført bak lyset av den tidlegare fylkestoppen. Mellom andre tiltalte si eiga kone, styremedlemer i fotballklubben og ikkje minst fylkeskommunen som arbeidsgjevar.
Aktor meinte tiltalte handla på ein planmessig og utspekulert måte for å oppnå vinning for seg sjølv, familiemedlemer og fotballklubben.
- Les også:
- Les også:
- Les også: