Hopp til innhold

Beslagla narkotika for ein million kroner i tre store opprullingar

På berre nokre månader har politiet i Sogn og Fjordane beslaglagt narkotika for opp under ein million kroner.

Synnøve Domben og mindre delar av narkotikabeslaga gjort siste tida.

FÅTT FRED: Politiførstebetjent Synnøve Domben meiner narkotikaopprullingane den siste tida viser at narkomiljøet har fått operere i fred i for lang tid.

Foto: Fotomontasje: Politiet/Truls Kleiven

Totalt er nær 70 personar er involverte narkotikasakene i Florø og Høyanger. Fire personar har site varetektsfengsla - tre av dei sit framleis fengsla i påvente av at sakene skal bli ferdig etterforska.

Politiet utelukkar ikkje fleire pågripne.

– Vi er vel ikkje direkte overraska. Det er eit kjent miljø og vi har heldigvis ikkje teke så veldig mange nye brukarar, seier politiførstebetjent og narkotika etterforskar, Synnøve Domben.

– Har fått gå i fred

Det starta i Florø med beslag av narkotika for kring 150 000 kroner i slutten av oktober. I tillegg til hasj og amfetamin, vart det også gjort beslag i eit større pengebeløp som politiet meiner stammar frå narkotikasal. I alt 34 personar er involverte i dei to sakene som har sitt opphav i kystbyen, med forgreiningar til andre delar av Sunnfjord.

Beslaglagd hasj.

BESLAG: Noko av hasjen som er beslaglagd i narkotikasakene i Florø og Høyanger.

Foto: Politiet

Ein månad seinare vart eit sambuarpar varetektsfengsla i samband med ei større opprulling i Sogn. Over 30 personar er involverte i saka der politiet gjorde beslag i narkotika for nærare 700 000 kroner.

– Det er teikn på at dei har fått gått i fred og blitt trygge i kriminaliteten sin. At dei har så mykje stoff liggjande. Det er klart at vi er urolege for utviklinga. Dess meir vi jobbar med miljøet, jo meir oversikt får vi og dess lettare kan jobbe med det, seier Domben.

Store beslag

Nær 70 pågripne i tre saker, og narkotikabeslag for kring ein million kroner er mykje for eit politidistrikt som Sogn og Fjordane.

Lensmann i Høyanger Atle Førde

OVERRASKA: Lensmann i Høyanger, Atle Førde.

Foto: politi.no

I Høyanger er lensmann Atle Førde overraska over omfanget på deira opprulling.

– Ja, det må eg seie. Når ein kjem opp i ei slik mengde, så er det mellom dei største beslaga i vårt politidistrikt. Samstundes veit vi at narkotika har utbreiing til meir eller mindre alle bygdelag, seier han.

Tok sjølvkritikk

Politimeister Johan Brekke tok sjølvkritikk etter at dei i 2010 avdekka det lågaste tal narkotikasaker siste tiåret . Tal narkotikasaker gjekk frå 407 til 637 i 2011.

Beslaglagt amfetamin.

BESLAG: Litt av amfetaminen beslaglagd i narkotikasaka i Florø.

Foto: Politiet

I 2001 var det til samanlikning 1 194 narkotikabrotsverk i Sogn og Fjordane. I hovudsak er det hasj og amfetamin politiet kjem over, med mindre innslag av heroin og tablettar.

– Vi har fått avdekt ein god del bakmenn, og når vi tek fleire bakmenn som sel narkotika får vi og teke fleire kjøparar, sa Brekke i samband med årsstatistikken for 2011.

Set større fokus

Synnøve Domben, politiførstebetjent Sogn og Fjordane politidistrikt.

ETTERFORSKAR: Synnøve Domben.

Foto: Truls Kleiven

Domben, som jobbar spesielt med narkotikasaker, seier det andre halvår 2011 vart sett ekstra fokus på narkotikasaker.

– Var innsatsen i fjor haust krampetrekningar for å få opp statistikken?

– Nei, dette har vi planer om skal vare ved. Det går på ressursar og bemanning, kva folk vi har i stillingane, som gjer at ein no jobbar meir på det feltet enn i 2010. No blir det oppretta ei gruppe for organisert kriminalitet, som skal jobbe med narkotika og større kriminalitet, seier ho.