NRK Meny
Normal

Bersagel imponerte i Esefjorden

I alt 800 personar stilte torsdag på startstreken det tradisjonsrike landvegsløpet Esefjorden Rundt.

Det er noko mindre enn rekordåret i fjor.

Sterke tider

Annie Bersagel (Tjalve) imponerte då ho sette ny løyperekord i kvinneklassa med 29.08. Bersagel stilte i klassa 19-39 år. Tida gjorde henne til den femte raskaste av alle dei 55 som sprang på tid. Raskast av alle var Joachim Brøndbo (Steinkjer).

- Han sprang på suverene 25,07. Det er ei kjempegod tid, seier Kari Rønnestad som er medlem av styret for Esefjorden Rundt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.