Hopp til innhold

Geolog: - Berre tunnel gir hundre prosent sikring av området

Geolog i Statens vegvesen, Ingrid Hynne, var i dag på synfaring ved Heilevang på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde. Ho stadfestar at berre tunnel vil gi ein hundre prosent sikker veg.

Heilevang

MANGE RAS: Heile denne strekninga ved Heilevang er rasfarleg, ifølgje geolog Ingrid Hynne.

Foto: Patryk Smørdal / NRK

– Det er eit skredutsett område der det truleg vil gå mykje skred. Det bør vurderast tiltak fortløpande, seier Hynne.

– Kva tiltak er det snakk om?

– Fram til no har ein type tiltak vore reinsk, i form av spyling og reinsemannskap. I tillegg er det montert fanggjerde, og det kan vere greie tiltak for einskildområde, seier Hynne.

Men ho peikar på at skal ei ha ei permanent løysing, må ein tenkje tunnel.

– Då vil ein sikre heile området meir permanent, seier Hynne.

Er ei strekning på éin kilometer

Men trass i både spyling, reins og fanggjerde, har det ved fleire høve rasa i nærleiken av desse stadane. På under tre år har det gått 46 ras på strekninga.

– Er slike tiltak gode nok?

– Ikkje totalt for strekninga. Det er snakk om ein kilometer der det kan gå skred på alle stadar. Tunnel er det som vil gje hundre prosent sikring av området, seier Hynne.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

I dag var fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) og leiar i samferdsleutvalet Arnstein Menes (Sp) på synfaring, etter å ha vorte inviterte av Askvoll kommune. Dei fekk mellom anna snakke med fleire som har vore tett på ras på strekninga.

– Det har rasa oftare og oftare her. Og når ein geolog seier at dette er verste raspunktet i fylket, så er det viktig for oss å sjå på det, seier Jenny Følling.

Ho tykte det var lærerikt å få ta området i augesyn sjølv.

– Det er viktig for oss å få så oppdaterte opplysningar som råd, slik at vi veit om vi har prioritert rett, eller om det er noko vi må sjå på igjen, seier Følling.

Per i dag ligg strekninga ved Heilevang på sjetteplass på prioriteringslista til politikarane.

– Vi må undersøkje alle slike opplysningar for å sjå om det vi har vore med og prioritert, er bygd på korrekte opplysningar, seier Følling.

Fylket har mange raspunkt

– Både eg og utvalet har lagt vekt på at vi vil ut og sjå på utfordringane vi har i fylket. Dette er eitt av mange raspunkt vi ofte har oppe til diskusjon, seier Menes.

– Kvifor ligg dette raspunktet heilt nede på sjetteplass på prioriteringslista?

– Dei registreringane som Vegvesenet gjer, baserer seg på lengre periodar enn berre det siste året. Det er noko av årsaka til at dette vil jamne seg ut over tid, seier Menes.

Han legg til at det er grunn til å tru at det den siste tida har vore høgare frekvens på rasa i Heilevang.

– Men vi har fleire hundre raspunkt i dette fylket, som har sine utfordringar, seier Menes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ser på området ved Heilevang

NØYE: Geolog Ingrid Hynne tok i dag området i augesyn frå sjøsida. I midten Steinar Braastad og Knut Hafstad (t.h.), i arbeidsgruppa som jobbar for rassikring på strekninga.

Foto: Patryk Smørdal / NRK

Trur det er pengar å hente

– Per i dag er det ei rullering kvart fjerde år. Men vi vil også høyre med Vegvesenet om det er grunnlag for å sjå på prioriteringane før neste rullering av prioriteringslista, seier Menes.

– Kor realistisk er det å få ein tunnel her?

– Når det gjeld rassikringsmidlar, så har staten i dei seinare åra satsa mykje på dette, så her er det ein del midlar å hente i åra framover. Fylket vårt fekk over 400 millionar kroner til rassikring i den perioden som kjem no, seier Menes.

Men han understrekar at det er mange prosjekt som står på lista.

– Det vil truleg også bli gjort noko med dette raspunktet i løpet av ein kort tidsperiode, seier Menes.

Skredsikringstiltak i Regional Transportplan Sogn og Fjordane

 

  Prosjekt/Tiltak

Merknad

1.

Fv 337 Bjødnabakken/ Lindeskreda

Bjødnabakken/Lindeskreda Luster
kommune: Reguleringsplan ligg føre.
 

2.


Fv 55 Renninganeset
 

Balestrand kommune.

3.

Fv722 Flovegen

Stryn kommune: Treng
planleggingsmidlar.
 

4.


Fv 53 Jåteli
 

Årdal kommune

5.


Fv 55 Kjenes – Bru over Esefjorden
 


Balestrand kommune: Alternativ løysing med bru over Esefjorden.


 

6.

Fv 609 Heilevang


Askvoll kommune
 

7.


Fv 92 Arnafjord
 

Vik kommune

8.


Fv616 Davikstranda
 

Bremanger kommune.

Upri.


Mindre tiltak – 10 mill. kr årleg
 

Behov og fordeling av midlar skal
vurderast årleg i eiga sak.