NRK Meny
Normal

Berre tre vil følgje i deira fotspor frå hausten

Oljekrisa har fått studentane til å flykte frå petroleumsutdanningane. No er det usikkert om det blir eit nytt kull i Florø frå hausten.

Studentar ved Subsea utdanninga Florø

FØRSTE KULL: – Det er utruleg mange moglegheiter, men folk tenkjer berre på petroleum når dei høyrer om utdanninga, seier Ellinora Høyvik Grimelid (midten). Saman med Cathrine Vindenes og Håvard Blø studerer ho undervannsteknologi i Florø.

Foto: Stein Aase / NRK

– No tenkjer folk berre at oljeprisen er låg og det ikkje er jobb. Dei tenkjer ikkje på at mykje kan skje på tre år, om dei byrjar å studere frå hausten, seier Ellionora Høyvik Grimelid.

Ho er inne i sitt avsluttande år som student ved undervannsteknologistudiet i Florø. Då ho starta vart ho historisk, som student på det første kullet på den etterlengta utdanninga i kystbyen. Men no spøkjer det for utdanninga frå hausten. Berre tre søkjarar har sett opp utdanning i Florø som sitt førsteval. Det er like mange som vil ta til på det noko smale kurset i bibelomsetjing i Bergen.

– Vi er skuffa over søkjartala. Dei var låge, men dessverre forventa. Det blir ein prosess framover, og det eg ganske sikkert kan love er at studentane vil få tilbod om å ta undervannsteknologi. Om vi kjem til å starte både i Kristiansund, Førde og Bergen, kan eg ikkje love, seier Øivind Østrem, studiekoordinator for utdanninga.

Øyvind Østrem

OPTIMIST: Studiekoordinator for utdanninga, Øivind Østrem, seier dei vel å satse på betre tider framover.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Frå opptur til nedtur

Jubelen stod i taket då eit lokalt spleiselag fekk stabla på beina ingeniørstudiet i undervannsteknologi i Florø frå hausten 2013. Seinare gjekk også staten med på å finansiere utdanninga, som blir gjennomført i regi av Høgskulen i Bergen. 31 studentar starta i første kull, 40 nye tok til på kull to, medan berre 12 byrja i fjor.

Leiar i Flora industriforeining, Bjørn Hollevik, er også uroa over dei dårlege søkjartala.

– Eg merka meg at tala i Kristiansund er på same nivå som i Florø, og i Bergen er det berre ein tredjedel av kva det var berre for to år sidan.

Grimelid syns det er dumt at unge let seg skremme vekk frå studiet.

– Studiet gjev oss kompetanse til å gjere det same som ein maskiningeniør. Vi kan styre drift og vedlikehald av maskineri innan alle yrke. Det er utruleg mange moglegheiter, men folk tenkjer berre på petroleum når dei høyrer om det, og det syns eg er synd.

Har ikkje gitt opp

Studiekoordinatoren er på si side klar på at dei ikkje har lagt inn årane trass laber interesse frå studentane.

– Vi må ha is i magen og tole nokre magre år. Vi teiknar 5 årskontrakt på nye lokale, nettopp fordi vi trur det kjem til å ta seg opp att, seier Østrem.

I juni forlèt Grimelid og klassekameratane skulebenken i Florø. Dei færraste har jobb å gå til.

– Først og fremst har eg fått meg sommarjobb, så skal eg bruke sommaren til å søkje jobbar og eg har også søkt på masterutdanning. Eg må nesten berre flytte dit det er jobb.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.