NRK Meny
Normal

Berre tre har søkt akvakultur

Det er for få søkjarar til å starte opp akvakulturstudiet til hausten.

Berre tre personar har søkt, og det trengst minst åtte studentar for å starte opp att studiet, som vart lagt ned i fjor.

Studiet vart lagt ned i fjor, men Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen gjekk saman om å finansiere vidare drift av studiet. Dermed gjenstår det berre å få tak i lærevilleg ungdom som vil utdanne seg innan oppdrettsnæringa. No skal bedriftsnettverket tråle landet etter fleire søkjarar.

- Vi har tru på at vi skal lukkast, seier Leif Arne Aasen i bedriftsnettverket.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.