NRK Meny
Normal

Berre tre frå fylket på lista over landets 400 rikaste

Berre tre personar frå Sogn og Fjordane får plass på Kapital si liste over dei 400 rikaste i landet. Litt trist, meiner fiskeoppdrettar Ola Braanaas som ber fylket legge betre til rette.

Ola Braanaas

EIN AV TRE PÅ LISTA: Fiskeoppdrettar Ola Braanaas i Gulen er ein av to personar frå Sogn og Fjordane på lista over dei 400 rikaste i landet.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi er eit fylke med veldig få innbyggjarar, så det er kanskje ikkje så rart, seier Braanaas og viser til at Sogn og Fjordane tel knappe 110.000 innbyggjarar.

– Men det er jo litt trist også. Sogn og Fjordane har kjempemoglegheiter til å utvikle kystlinja. Så det burde vere eit signal til fylket om at det må leggast betre til rette for dei næringane som har potensial, spesielt på kysten.

Fiskeoppdrett og lege

På Kapital si liste over årets 400 rikaste finn ein berre tre personar frå Sogn og Fjordane. Fiskeoppdrettaren Ola Braanaas i Gulen,legen Ivar Helgheim i Jølster og Nordfjord Kjøtt-eigar Geir Egil Roksvåg.

Ifølgje Kapital er Braanaas god for 1,6 milliardar kroner og plasserer seg på 138.-plass på lista, like bak Roksvåg som kjem på 132. plass med sine 1,65 milliardar i formue.

Helgheim, som også har tent mykje på eigedom, er ifølgje Kapital god for 1,25 milliardar kroner og får ein 175.-plass.

– Ting tek for lang tid

Ola Braanaas er sjølv ikkje spesielt oppteken av å stå på lista til Kapital.

– Eg trur ikkje det er så viktig å stå på den lista eller ikkje. Det er mange som gjer det godt og som legg mykje ressursar ned i å skape aktivitet, arbeidsplassar og verdiskaping.

Samtidig vedgår han at det er litt trist at det berre er to personar frå Sogn og Fjordane på lista. Braanaas etterlyser betre tilrettelegging.

– Det viktigaste i forhold til havbruksnæringa er at fylket må jobbe hardare for å få større areal til dette. Dei må også jobbe raskare med å få ting på plass for dei verksemdene som allereie er her. Det tek for lang tid å få gjort ting i Sogn og Fjordane.

Seinast i fjor gav regiondirektøren i Fiskeridirektoratet uttrykk for det same.

Jan Heggheim

BETRE: Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring, seier sakshandsamingstida har blitt betre dei siste åra.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Vi har blitt betre

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, seier berre tre personar på Kapital si liste reflekterer at Sogn og Fjordane er eit lite fylke.

At Braanaas meiner ting går for tregt kommenterer han slik.

– Eg har ikkje nokon grunn til å tru at vi brukar meir tid på ting enn dei gjer andre plassar.

– Men eg forstår at Ola Braanaas er utolmodig med tanke på sakshandsaming.
Dette er først og fremst fordi det er mange som skal uttale seg, og det kjenner han god til. Dette er ting som tek tid, men eg vil seie at vi har blitt betydeleg betre i løpet av dei siste to-tre åra.

Heggheim seier havbruksnæringa står høgt på fylket si prioriteringsliste, mellom anna når det gjeld å få meir areal til næringa. Han understrekar at dette er eit samspel mellom kommunane og fylkeskommunen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.