Hopp til innhold

Berre to politifolk vart sende til kriseområdet

Berre to politifolk var på Vassenden då bygda var i full krise. Då politiet kom til staden dagen etter med nytt mannskap vart heller ikkje innsatsen auka.

Informasjonsmøte Gjesthalla

VENTA: Mange hundre menneske venta på Vassenden, utan mobildekning var det vanskeleg å vite kva som eigentleg gjekk føre seg.

Foto: Bård Siem / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fleire personar var under evakueringa førre veke kritiske til politiet.

Inge Roger Alme var ein av dei som blei evakuert frå E39. Han meiner politiet burde hatt fleire folk i området, og at politiet ikkje greidde å tilfredsstille informasjonsbehovet folk hadde.

– Når media kjem med helikopter nærmast på rekke og rad, men dei ikkje får inn politiet – det er for dårleg, sa han då NRK trefte han under evakueringa onsdag.

Auka ikkje opp bemanninga på staden

Sjølv då politiet fekk inn nytt mannskap klokka 11 dagen etter, vart ikkje innsatsen auka. I staden vart patruljen på staden erstatta med ein ny patrulje med to politifolk, stadfestar lensmann i Sunnfjord Dag Fiske til NRK.

NRK har bedt om innsyn i loggen, men politiet seier dei ikkje har høve til dette av omsyn til sine eigne retningsliner. Men politiet har laga ei eiga oversikt over innsatsen under flaumen.

Politiet fekk fyrste melding om ras over E39 klokka 16.26 tysdag ettermiddag. Patruljen med innsatsleiar i Sunnfjord fekk oppdraget med fyrste raset 16.30. Dei var opptekne med eit anna prioritert oppdrag, og ny patrulje vart sendt klokka 16.42, og var på staden 16.57.

Kort tid etter stengde rasa E39. Politipatruljen var då den einaste i eit rasområde som strekte seg over nærmare tre mil, delt opp av fleire ras.

250 personar evakuerte

Fram til 17.46 fekk politiet melding om totalt seks ras over E39. Køyretøy var sperra inne, telenett og straum fall bort.

Etter ei tid roa det seg med nedbør og ras. Men 20.49 gjekk raset på fylkesvegen på sørsida av Jølstravatnet. Ein person er truleg omkomen.

Dagen etter vart det klart at det var gått 14 ras og stadar med vatn over E39 frå Mo til Svidalsneset.

Totalt rundt 250 personar vart evakuert til Vassenden skule. Der kommunen, friviljuge og politiet drifta evakueringssenteret.

Ras på E39 ved Vassenden

STENGD: Stengde vegar førte til at evakuerte vart innesperra på Vassenden.

Foto: Silje Drevdal / Statens Vegvesen

Venta på hjelp frå Bergen

Politiet sette inn patruljar frå Sogn klokka 17.07 og frå Gloppen 17.52. Desse arbeidde frå Skei med vegstenging, mogleg evakueringsmottak, og utover kvelden med raset på sørsida av Jølstravatnet.

Også ved Sunde i Førde var det sendt ut patrulje, men sidan det her var lite å gjere, arbeidde patruljen etter kvart frå Førde lensmannskontor. Her jobba fleire i politiet med å leie oppdraget på taktisk nivå, og med lister over sakna og evakuerte.

Det vart tilbod om bistand ifrå Bergen, men tilbodet blei lagt på vent av lokal innsatsleiar med grunngjeving om at det ikkje var mogleg å ta seg inn i rasområdet.

Mange sakna informasjon

Dagen etterpå hadde nær 300 menneske samla seg for å få informasjon i samfunnshuset på Vassenden. Men fyrst etter å ha venta i to timar kom politiet, og det var lite dei kunne melde.

Frode Årdal

OPPGITT: Frode Årdal var ein av mange som venta på informasjon

Foto: Bård Siem / NRK

Frode Årdal frå Vassenden hadde snakka med mange som var skuffa over manglande informasjon.

– Når det gjeld informasjon ut til folket var politiet sin innsats på eit lågmål, sa Frode Årdal til NRK på onsdag.

Vil ikkje kommentere noko meir per no

Lensmann i Sunnfjord Dag Fiske seier det er mange avgjersler som vart tekne og under variable føresetnader.

– Det er ei førebels utgreiing, så skal vi evaluere og gå gjennom med dei involverte. Vi må stikke fingeren litt i jorda og gå gjennom dette.

Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord

TRAVLE DAGAR: Regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Tysdag kveld då rasa gjekk var det tre helikopter inne i katastrofeområdet, men ikkje politiforsterkingar. Heller ikkje dagen etter vart mengda politifolk på Vassenden auka.

Fiske vil ikkje svare på spørsmål om kvifor før evalueringa, men er tydeleg på at det ikkje er økonomiske omsyn som ligg bak.

– Det er mange slitne mannskap som treng pause, vi startar evalueringa neste veke og tek det derfrå, seier Fiske.