Dagens Næringsliv har laga ei liste over dei dyktigaste seljarane i landet tre år på rad. Kriteria er mellom anna å ha dobla omsetninga siste fire åra, ein omsetning på over ein million første året, positivt samla driftsresultat og å ha ungått negativ vekst. Å komme på denne lista eitt år er gjævt, og vel 2000 bedrifter i heile landet kom der Men å vere der tre år på rad er eksklusivt.
NHO-direktør Karin Halle.
Sogn og Fjordane kjem dårleg ut
I år er 137 bedrifter på den eksklusive gasellelista, men berre to frå Sogn og Fjordane. Norsk Motorimport er på 15. plass, medan bedriftrådgjevingsverksemda Kontorteneste er nr. 128. NHO-direktør Karin Halle meiner kriteria for å komme på lista favoriserer rasktveksande servicebedrifter i tettbygde område
- Sogn og Fjordane er litt annleis enn dei store folkekonsentrasjonane når det gjeld bedriftsetablering, og våre etableringer skjer gjerne ut ifrå eksisterande bedrifter. Difor kjem vi dårleg ut på gasellemålinger og NM i innovasjon og nyskapning.