Hotel Alexandra i Loen har hatt berre røykfrie rom sidan januar i år, og hotelldirektør Grov seier dei ikkje har fått klager på dette. Faktisk har dei opplevd at svært mange gjester trudde alle romma deira var røykfrie etter at den nye røykelova kom.
Richard Grov. Arkivfoto NRK
- Røyking innandørs er gamaldags
Andre hotell vi har snakka med seier det same: Kundane vil ikkje bu på røykerom. Grov trur trenden vil gjere seg gjeldande i heile landet. Røyking innandørs er i ferd med å bli gamaldags.
Færre røykerom på andre hotell
Ingen andre av dei store hotella i fylket vurderer å gjere det same som Hotel Alexandra. Men fleire har redusert talet på røykerom. Jonas Alander er hotelldirektør på Quality Hotel i Florø. Han har ikkje planar om røykfritt hotel enno, men utelukkar ikkje at det kan skje i framtida. Men framleis synest han hotella må ta omsyn til røykarane og, sjølv om mange gjester ønskjer røykfrie rom.
- Rompersonalet er oversett gruppe
Richard Grov seier det ikkje berre er omsyn til marknad og etterspurnad som er grunnen. Han meiner det er opprørande at den røykelova vi har ikkje bryr seg om rompersonalet på mange hotell. Han meiner ei viktig gruppe er oversett.