Det seier arbeidsleiar Oddgeir Indrebø etter at Mesta har starta omfattande flikking av øydelagd asfalt på vegstrekninga. Indrebø reknar med at mykje av den reparerte asfalten vil halde i berre fire veker.
Oddvin Ylvisaker. Foto Randi Indrebø NRK
Ikkje pengar til asfaltering
Distriktsvegsjef Oddvin Ylvisaker i Statens Vegvesen vedgår at dette lant frå er ideelt. - Men det er rett og slett ikkje nok pengar til ei skikkeleg asfaltering, seier Ylvisaker. Han er fullstendig klar over at vegdekket er dårleg, spesielt på strekninga frå Årdal i Jølster og forbi Våtedalen.