Hopp til innhold

Den eine hadde ni brotsverk i fjor - kollegaen nesten to om dagen

Medan lensmannen i vesle Hyllestad måtte handtere ni lovbrot i heile 2012 hadde kollegaen i Førde 566 lovbrot - nesten to kvar dag. No trur politimeisteren at noko må skje med dei minste lensmannskontora.

Frå venstre Egil Olav Husabø, Anita Lerpold og Jan Egil Tvinde (montasje)

STORE SKILNADER: Lensmann Egil Olav Husabø (t.v.) og førstekonsulent Anita Lerpold i Hyllestad har rolege dagar samanlikna med lensmann Jan Egil Tvinde i Førde.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Det er stille, men det ser eg ikkje på som negativt, det betyr at ting fungerer, seier lensmann Egil Olav Husabø i Hyllestad.

Det ville vere synd å seie at det er hektisk aktivitet på lensmannskontoret hans denne kalde og klare vinterdagen.

Lensmann Egil Olav Husabø tronar i einsam majestet som einaste polititenestemann. Den andre politimannen på kontoret er for tida beordra til operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Men Husabø har selskap av ein sivilt tilsett, førstekonsulent Anita Lerpold.

– Ho er til gjengjeld den viktigaste personen her, seier Husabø.

I Hyllestad bur det rundt 1500 menneske, og dei må vere av det lovlydige slaget. I 2012 var det berre ni brotsverk i denne grisgrende kommunen i ytre Sogn, i tillegg til 14 mindre lovbrot.

Halvannan times køyring frå Hyllestad, i Førde, sit lensmann Jan Egil Tvinde. Han er lensmann for kommunane Førde og Naustdal med til saman vel 15.000 innbyggjarar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lensmann Jan Egil Tvinde

- HEKTISKE DAGAR: Lensmann Jan Egil Tvinde i Førde og Naustdal.

Foto: Stig Indrebø / NRK

20 tilsette, 566 brotsverk

I 2012 hadde dette kontoret 566 brotsverk å ta seg av. Det er for tida 20 tilsette, og det skjer unekteleg ein del meir her enn i Hyllestad. Folk ventar på å få nytt pass, telefonane kimar, og det er sjeldan venterommet er tomt. I ein lang korridor er det mange små kontor, der politifolk jobbar med sitt.

Lensmann Jan Egil Tvinde fortel at dei i 2012 hadde 277 mindre lovbrot å ta seg av i tillegg til dei 566 brotsverka, i tillegg kjem ei stor mengde med sivile saker.

– Dagane er som regel hektiske, for vi har ofte færre folk enn det vi meiner vi har bruk for, men det gjer at vi blir meir effektive og. Vi blir gode på å samarbeide og samordne oss med andre kontor.

Heilt utan lensmannskontor


Det er 27 politidistrikt i Norge med til saman 65 politistasjonar og 277 lensmannskontor. Her kan du sjå korleis deier fordelte på dei ulike politidistrikta:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

(Artikkelen held fram under biletet).

Organiseringa varierer ein god del. Follo politidistrikt som omfattar 13 kommunar i Akershus og Østfold gjekk i 2010 vekk frå organiseringa i geografiske einingar. I staden har dei delt seg inn etter oppgåver. Politimeister Arne Jørgen Olafsen seier at dette vart gjort for å gjere ein best mogeleg jobb.

Politimester Follo Arne Jørgen Olafsen

HEILT UTAN LENSMANNSKONTOR: Politimeister Arne Jørgen Olafsen i Follo.

Foto: NRK

– Vi har for det aller meste positive erfaringar med denne omorganiseringa. Eit privat analyseselskap har evaluert oss og kome til same konklusjonen. Men det er ikkje dermed sagt at vår modell kan overførast til andre politidistrikt. Vi har korte avstandar i Follo politidistrikt, difor går det, eg trur ikkje at det utan vidare hadde fungert i Sogn og Fjordane.

Våpensaker


I Hyllestad kan lensmann Egil Olav Husabø fortelje at dei har nok å henge fingrane i der og. Etter å ha vore borte frå kontoret i to dagar har han tre avhøyr han skal gjennomføre.

– I tillegg prøver eg å få unna ein del våpensaker som har hopa seg opp. Når folk døyr må arvingane ta stilling til kva som skal gjerast med eventuelle våpen. I mange tilfelle blir dei leverte hit slik at dei kan bli destruerte, men ofte må vi purre på folk for å få dei til å gjere det dei skal.

På kontoret har Husabø to eldre gevær som skal destruerast.

Sjå video der Husabø fortel om arbeidet med våpen:

Gevær til destruering

Gevær til destruering

– Mindre kriminalitet

Med berre ni brotsverk på eitt år vedgår han at rein kriminalitet er blitt ein stadig mindre del av arbeidsdagen. Folk i Sogn og Fjordane er veldig lovlydige, i 2011 var det 42 lovbrot pr. 1000 innbyggjarar i fjordfylket, i Oslo var det 146, i landet under eitt 77.

Og i Hyllestad er dei endå snillare, med rundt 15 lovbrot pr. 1000 innbyggjarar. Det er andre saker som fyller arbeidsdagen. Kontoret tek seg av tvangsforretningar og namssaker frå nabokommunen Høyanger.

Og førstekonsulent Anita Lerpold tek seg av gjeldssaker frå fem kommunar. Ifylgje Husabø er ho blitt ein ressursperson innan politidistriktet på dette feltet.

Hyllestad lensmannskontor (dør)

TIDVIST STENGT: Teksten fortel at folk kan møte stengde dører på Hyllestad lensmannskontor.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Køyrer patrulje i Førde

Sjølv deltek Husabø i vaktordninga i driftsseining Sunnfjord. Kvar fjerde helg må den 63 år gamle politiveteranen køyre patrulje m.a. i Førde og risikere basketak med fulle ungdommar.

– Det synest eg er heilt greitt, eg deltek i vaktsamarbeidet slik dei andre politifolka gjer.

I tillegg er han miljøkontakt i driftseining Sunnfjord, det vil seie at han har ansvaret for oppsyn med eventuell miljøkriminalitet. Og han arbeider med straffesaker frå andre delar av driftseininga.

Han som er sjef for driftseining Sunnfjord er lensmannen i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde. I tillegg til å styre sitt eige kontor med 20 tilsette skal han ha eit overordna ansvar for ti andre lensmannskontor i Sunnfjord og ytre Sogn.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lensmannskontoret i Førde

20 TILSETTE, 566 BROTSVERK: Førde og Naustdal lensmannskontor.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Mange oppgåver i Førde

Som regionsenter har Førde ein del funksjonar som gjer at lensmannskontoret her får ei lang rekke oppgåver som andre kontor ikkje har. Lensmannskontoret i Førde ligg berre eit steinkast frå Fjordane tingrett. Dermed må tilsette ved kontoret ofte trø til i samband med fengslingar og rettssaker, fortel Tvinde.

– Vi er ofte involverte i varetektsfengslingar, anten det gjeld folk frå vårt distrikt eller frå andre distrikt, også ved hovudforhandlingar i rettssaker må vi hjelpe til, dette krev veldig mykje politiressursar. Vi har rett nok fått eit betre system dei siste åra, men det belastar oss framleis ein del.

Det at Førde har eit stort sjukehus betyr og meirarbeid for lensmannskontoret, ofte i samband med hendingar i andre distrikt.


– Mange kjem innom sjukehuset i samband med valdssaker, valdtektssaker og trafikkulukker med personskade. Då blir det vår oppgåve å oppsøke dei og ta etterforskingssteg, sjølv om det kan ha skjedd i heilt andre delar av Sogn og Fjordane.

Nesten 2000 pass i året

Politidistriktet har sentralisert arbeidet med pass. Det gjer at kontoret i Førde no skriv ut bortimot 2000 pass i året. Hyllestad er eitt av kontora som har mist denne oppgåva. Kontoret har og mist utlendingssakene som no blir behandla i Florø.

Det fører til at dei mange utanlandske arbeidarane på Havyard Leirvik innimellom må ta turen til Florø - vel to timar kvar veg - for å få utført tenester dei før kunne få gjort i Hyllestad.

Trur dei minste kontora forsvinn

Politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane har arbeidd for å få ned talet på lensmannsdistrikt, han meiner talet i Sogn og Fjordane må ned med ti til 12. Forsøket hans på rasjonalisering vart stansa hausten 2012 då justisminister Grete Faremo sa at politiet skal vere representert der dei var på det tidspunktet.

(Artikkelen held fram under biletet).

Johan Brekke

- TALET PÅ LENSMANNSKONTOR MÅ NED: Politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Men Johan Brekke trur likevel at det kjem til å skje noko med dei minste lensmannskontora med mellom ein og tre tilsette, mellom dei Hyllestad.

– Eg håpar at om fem år er vi komne dit at det er færre og meir berekraftige lensmannsdistrikt i Sogn og Fjordane. Eg meiner det vil vere positivt på mange måtar.

– Då vil vi ha meir politikraft tilgjengeleg i ein krisesituasjon, vi får meir robuste vaktordningar, det har betydning for arbeidsmiljø, trivsel, utvikling av fagmiljø, og det gir meir høve til kompetanseutvikling og spesialisering.

– Mykje å seie for tryggleiken

Lensmann Egil Olav Husabø i Hyllestad vil ikkje blande seg inn i denne diskusjonen. Men han trur det vil bli meir råkøyring dersom folk ikkje risikerer å møte ein politibil.

Martha Systad Iden

- PRISEN VI MÅ BETALE: Martha Systad Iden.

Foto: Stig Indrebø / NRK
Eva Mette Høie

- TRYGT MED LENSMANN NÆR: Eva Mette Høie.

Foto: Stig Indrebø / NRK
Sigve Bolstad i Oslo politiforening

-LOKALT FORANKRA POLITI: Fungerande leiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund.

Foto: NRK

Og på Spar-butikken i Hyllestad har dei klare meiningar. Martha Systad Iden seier at det betyr mykje å ha eit lensmannskontor i nærleiken.

– Det har mykje å seie for tryggleiken, pluss at vi kan få hjelp i sivile saker. Dei tek frå oss det eine tilbodet etter det andre, det er vel prisen vi må betale for å bu i ein utkant, vi har det så flott her på andre måtar.

Og ein av kundane, Eva Mette Høie, er og oppteken av tryggleiken av å ha politifolk på staden.

I tillegg slepp vi å reise til Førde for å få utført tenester som politiattest. Skal vi ha pass må vi til Førde.

Vil ha eit lokalt forankra politi

Men inntil vidare kan innbyggjarane i Hyllestad leve i vissa om at lensmannskontoret i kommunen har ei vernande hand over seg. Sist haust sa justisminister Grete Faremo at det ikkje skal leggast ned nokon kontor.

Og dette synet har til ein viss grad støtte hjå fagorganisasjonen til politifolka, Politiets Fellesforbund. Fungerande leiar Sigve Bolstad seier dei har eit vedtak om at dei vil ha eit lokalt forankra politi med ein god kvardagsberedskap.

Han er oppteken av at lokale behov og tilhøve må vege tyngst når det skal avgjerast om eit lensmannskontor skal få leve vidare eller ikkje.

– Det er ute i lokalsamfunna dei kjenner kvar skoen trykkjer hardast. Dersom det å halde oppe ein god kvardagsberedskap inneber å halde oppe den strukturen som er i dag så kjem Politiets Fellesforbund til å gå inn for det. Men det kan også vere andre typar løysingar vi fell ned på etter ein god og grundig prosess.

– Lever så lenge kommunen lever

Tilbake i Hyllestad konsentrerer lensmann Egil Olav Husabø seg om dei daglege oppgåvene sine. Han vil ikkje spekulere for mykje om framtida til kontoret.

– Men eg trur no at kontoret blir lagt ned den dagen Hyllestad blir slegen saman med nabokommunane. Fram til det skjer trur eg det vil vere eit lensmannskontor her.