NRK Meny
Normal

Berre nesten for Thomas (18) i junior-EM

Thomas Mardal (18) turte ikkje å sleppe laus kreftene i diskosburet under junior-EM i Sverige i dag. Dermed greidde han ikkje målet som var å nå finalen.

Thomas Mardal kastar diskos

GAV MEIRSMAK: Thomas Mardal (18) frå Gloppen fekk ikkje ut potensialet og måtte nøye seg med ein 21.-plass under junior-EM i friidrett i dag. Men meisterskapsdebuten gav meirsmak.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Og nettopp finale, og ein plass blant dei 12 beste, var målet før avreise. Skulle han greie det måtte han opp mot sitt aller beste. Men i sitt første store internasjonale meisterskap, vart det med ein 21.-plass etter tre jamne kast, det beste på 52.31 meter. Persen er 55.48

– Eg er rimeleg fornøgd med kor eg stabil eg var. Eg skulle berre hatt eit litt betre lengstekast, seier Thomas Mardal på telefon frå arrangørbyen Eskilstuna, dryge hundre kilometer frå Stockholm.

Vart for passiv

Trenar Jørund Årdal tykkjer ungguten kom godt frå sin internasjonale debut. Men trur samstundes at disippelen hadde meir inne.

Jørund Årdal

BØR VERE NØGD: Trenar Jørund Årdal meiner Thomas Mandal vart litt for passiv, men meiner likevel ungguten har god grunn til å vere nøgd med innsatsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Han hadde tre gyldige kast omtrent på same lengde. Det tyder på at han kasta litt med bremsene på i dag, seier han.

Kastaren sjølv er einig i den vurderinga. Han vedgår at han på førehand var redd for å ta for hardt i.

– Du kan fort litt passiv når du skal ut i ditt første meisterskap, ein har ikkje lyst til å reise heim med tre døde kast. I tillegg har eg fått beskjed om at eg fort blir for ivrig når eg skal kaste, så det kan hende det spelte inn òg, seier Mardal.

Debuten gjev ekstra motivasjon

Polske Bartlomiej Stoj (19) vann kvalifiseringa med eit kast på 64.14 meter. Alle dei fire første på lista kom over 60 meter. Men Mardal er ikkje skremt av det han såg. I tillegg er dei fleste konkurrentane eitt år eldre og inne i sitt siste år som juniorar.

– Det var kjempekjekt å få kaste med dei aller beste. Det var ei oppleving eg tek med meg vidare og som gjev motivasjon til å jobbe vidare til neste år.

Då ventar junior-VM. Der er kravet 55 meter, ei lengde Mardal har greidd to gonger i år. Trenaren meiner difor det er grunn til å vere optimistiske for kva som er i vente.

– Han ser at her er råd å hevde seg. Han har eitt år igjen som junior og då er mesteparten av konkurrentane for gamle. Fortset han framgangen, så er finale til neste år eit veldig realistisk mål, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.