Hopp til innhold

Skal Sogn og Fjordane få god vekst i folketalet må vi få fleire innvandrarar

Berre auka innvandring vil kunne gje skikkeleg folkevekst i Sogn og Fjordane, seier Lars Østby, som er demograf i Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Norskopplæring

Det er slike som kan sikre Sogn og Fjordane folketalsvekst. F.v: Alibek Khasbulatov, Suphap Grimeland og Charinya Mayun på norskkurs i Førde. Arkivfoto.

Foto: Ingvil Aaen Torpe / NRK

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som vil få lågast folkevekst dei komande 25 åra, viser ferske prognosar frå SSB. Medan auken på landsplan ser ut til å bli på 25 prosent, er auken i vårt fylke på ni prosent.

Lars Østby

- MÅ KJENNE SEG VELKOMNE: Demograf Lars Østby i SSB.

Foto: Arne Raanaas / NRK

Auka innvandring er vegen å gå, seier Østby.

– På kort sikt er det det tiltaket som vil verke. Det som har vore posititv i folketalstutviklinga for Sogn og Fjordane dei siste åra er innvandring frå utlandet, og det kan ein godt tenke seg vil halde fram.

– Må kjenne seg ynskte

Medan folketalet ser ut til å auke med 10.000 frå dagens 109.000 innbyggarar i Sogn og Fjordane dei komande 25 åra, vil auken i nabofylka Hordaland og Møre og Romsdal vere på 150.000 og 50.000.

For få attraktive arbeidsplassar og mangel på store tettstader er viktige årsaker til at Sogn og Fjordane får lågare folketalsvekst, seier Østby. Han meiner auka innvandring er vegen å gå, men poengterer at det må leggast til rette for at dei innvandrarane som kjem vil trivast.

– Dei må kjenne seg ynskte i kommunen og at det er behov for dei der.

Færrast i Naustdal

Innvandrarar utgjer 13 prosent av den norske befolkninga. I Sogn og Fjordane er berre åtte prosent av innbyggjarane innvandrarar. Naustdal kommune ligg heilt på botnen i fylket, med berre fire prosent innvandrarar.

Varaordførar i Naustdal, Harald Kvame frå Høgre, ønskjer fleire innvandrarar til kommunen.

– Eg har ikkje noko imot at vi tek imot fleire, men då må vi ha det godt tilrettelagt, slik at vi kan tilby dei noko som er forsvarleg og bra.

– Vi du gå i bresjen for å ta imot fleire?

I bresjen og i bresjen, men vi har alt diskutert det i kommunen, og det er ynskje om det. Alle ynskjer folketalsvekst.

Naustdal - bustadfelt

TRENG INNVANDRARAR: Naustdal er den kommunen i Sogn og Fjordane som har færrast innvandrarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK