Hopp til innhold

Klarer ikkje målet om nok politi

Det er tverrpolitisk semje om at det i Noreg skal vere to politi per tusen innbyggjar. No er Arne Johannessen lei av at dei ikkje når målet.

Vil ha meir båt

VIL HA MEIR: Johannessen er kritisk til at politikarane skryt av at dei er tilført nye stillingar. Desse har han ikkje hatt råd til å tilsette nye personar i, men har flytta på personell innanfor etaten.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Det er ikkje slik at kvart distrikt skal ha to politifolk per tusen, men i dag er vi veldig langt unna, seier Arne Johannesen.

Han er leiar for politieininga Sogn og Fjordane som ligg under Vest politidistrikt.

I eit lesarinnlegg på Politiforum sine nettsider (ekstern nettside) skriv han om ein fortvilande situasjon.

I sitt eige ansvarsområde er der berre 1,06 politi per 1000 innbyggjar. Han har ikkje råda til fleire.

Han reagerer på at regjeringa tek inn færre til politihøgskulen frå og med hausten av. Opptaket blir redusert frå 720 til 550 studentar etter at revidert nasjonalbudsjett blei vedteke.

Politisjefar

BER OM MEIR: Politmeister Kaare Songstad (th) og politileiar for driftseininga Sogn og Fjordane Arne Johannessen vil ha meir politi.

Foto: FREDRIK JOHAN HELLAND / NRK

Blir mindre politifolk

– Vi burde vere 1,5 per 1000 innbyggjar for å tilby dei tenestene publikum forventar, seier politileiaren.

Det betyr ei reell auke på 40 polititenestefolk.

Stillingar som blir ledige utover året har han ikkje har råd til å tilsetje folk i. Dermed vil politidekninga vere under 1 politi per 1000 innbyggjar i løpet av 2018.

Tal frå Politidirektoratet viser at Vest politidistrikt har ei politidekning på 1,45 per 1000 innbyggjar. Landssnittet er på 1,71.

Likevel opplever publikum at politidekninga ikkje strekkjer til.

Dyrt å drifte

– I reforma ligg det mykje positivt, men vi er så pressa på stillingar og ressursar at vi ikkje klarer å leve opp til dei politiske forventningane.

– Er ikkje budsjettet noko de i politileiinga har ansvar for?

– Dette er eit politisk ansvar. Det ein nedgang i handlingsrommet på til politiet, seier politileiaren som etterlyser meir pengar.

Han viser til at dei har store investeringar innanfor IKT, køyretøy og politioperativt utstyr. Desse må takast av same budsjett som drifta, og dermed må viktige investeringar utsettast.

Johannessen vil at politiet skal ha eit eige investeringsbudsjett slik som i Forsvaret.

Stor satsing

– Det har vore ei sterk satsing dei siste åra for å sikre politiet større budsjett. På få år har tal tilsette i politiet auka med 2.000 til 17.000, seier Thor Kleppen Sættem (H) som er statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.

Ifølge Sættem må ein forvente at politidekninga er lågre i fylker med låge innbyggjartal. Satsingane vil vere der behovet er størst, til dømes i storbyane.

Statssekretær Thor Kleppen Sættem

STOR SATSING: Statssekretær Thor Kleppen Sættem i Justis- og beredskapsdepartementet seier dei har hatt ei stor satsing på å få fleire tilsette i politiet. No må dei jobbe for å få folk ut i felten.

Foto: Olav Heggø / Fotovisjon

Han meiner politiet må bli betre til å bruke dei ressursane ein har på ein betre måte.

– Vi må flytte folk ut i felten der det er behov for dei, seier han.

Sættem seier dei har vore for dårleg til å investere i naudsynt utstyr til politiet.

– Vil de lage eit investeringsbudsjett for politiet, etter modell av Forsvaret?

– Det vil eg ikkje forskotere i dag, men det er ein god ide, seier stattssekretæren.