Hopp til innhold

Berre ho og tre til: – Tragisk, meiner ho

Berre fire av dei 26 ordførarane i fylket er kvinner. Det er ei meir enn førre periode, men talet er framleis tragisk, meiner Gunhild Berge Stang i Venstre.

Gunhild Berge Stang avsluttande valdebatt 2015

EI AV FIRE: Gunhild Berge Stang (V) meiner det burde ha vore fleire kvinnelege ordførarar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Som påtroppande ordførar i Fjaler er ho ein av dei fire kvinnelege ordførarane i Sogn og Fjordane. Også i Solund, Vågsøy og Askvoll er ordføraren ei kvinne.

Fleire politikarar, mellom dei Gunhild Berge Stang, meiner det er på tide med ei kjønnsrolleendring i politikken.

– Når berre fire av 26 ordførarar i fylket er kvinner så tenker eg at det er litt tragisk i eit likestillingsperspektiv.

– Ikkje vente på å bli inkluderte

Gunhild Berge Stang, som no blir den første kvinnelege ordføraren i Fjaler kommune si historie, er ein av desse fire. I førre periode hadde fylket tre kvinnelege ordførarar, men den vesle auken er ingenting å rope høgt om, meiner Berge Stang.

Ho trur mange kvinner kvir seg på å ta på seg ordførarverv. Både fordi dei kanskje er kritiske til eigne evner, men også fordi politikken er ein maskulin arena.

– Det er absolutt noko vi må jobbe med, korleis skal vi gjere politikken meir kvinnevenleg. Men det handlar ikkje berre om at vi skal lene oss tilbake og vente på å bli inkluderte, vi må og vere medvitne vår rolle og ta ansvar i politikken.

Sjølv om tala er mest skeive for ordførarverva, ser ein også problem med å balansere kjønnsrollene i kommunestyra. I Fjaler er til dømes 37,5 prosent av kommunestyret kvinner. Aller svakast er kvinnene representerte i Aurland og Stryn med 28 prosent.

Samstundes har Solund har bikka andre vegen, og fått både kvinneleg ordførar og 66,7 prosent kvinner i kommunestyret. Også i Høyanger og Gaular er fleirtalet kvinner.

Glad for nesten 50-50

Ola Teigen

GLAD FOR NÆR 50 PROSENT: Ordførar Ola Teigen i Flora.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Flora har dei klart å møtast omtrent på midten, med 48,4 prosent kvinner i bystyret. Det er sju prosentpoeng opp frå førre periode. Påtroppande ordførar, Ola Teigen i Ap, meiner talet er der det må vere.

– Målet må vere at det er 50-50 fordelt mellom menn og kvinner, då får vi det best samansette bystyret. Eg er glad for at vi er så nær 50 prosent.

Teigen er samd i at fire kvinnelege ordførarar i fylket er for lite. Han ser at det kan verke utfordrande for kvinner å komme gjennom i mannsdominerte miljø, men han trur at det med tid vil bli meir likestilling i politikken.

– Eg trur det er noko som vil kome automatisk etter kvart. Tradisjonelle kjønnsroller er i ferd med å bli viska ut.

– Ikkje godt nok

Kristin Maurstad

– FOR FÅ KVINNER: Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy.

Foto: Silje Guddal / NRK

I mange kommunar i fylket ligg prosentdelen kvinner i kommunestyret på mellom 30 og 40 prosent. I Vågsøy er Kristin Maurstad i Ap, ein av dei kvinnelege ordførarane for neste periode, men dei har berre 29,6 prosent kvinner i kommunestyret.

Maurstad er verken nøgd med talet på kvinnelege ordførarar, eller talet på kvinnelege kommunestyrerepresentantar i eigen kommune.

– Det er ikkje godt nok. No var eg den einaste kvinnelege ordførarkandidaten i Vågsøy. Eg vart vald, men kvinnerepresentasjonen i Vågsøy kommunestyre er altfor låg. Vi må sjå på kva som er grunnen til det.

Gunhild Berge Stang i Fjaler ser det også i større perspektiv.

– Det er i politikken vi legg premissane for det meste her i livet, og det er viktig at jenteperspektivet i politikken har den plassen det skal ha.