- Det er heller ingen som har meldt seg. Ut frå det Hashin opplyste om desse to gutane så kunne det vere nærliggande å tru at det handla om folkehøgskuleelevar. Men vi samla alle elevane etter at vi hadde gjort avhøyr mede Hashin i januar og spurde om nokon hadde sett mørkhuda menn på skuleområdet den natta, og det var det ikkje. Og eg kan ikkje sjå nokon grunn til at nokon skulle la vere å stå fram med slike opplysingar, sa Knut Broberg.
- Vart med to gutar
I forklaringa til Hashin har dei to gutane fått ei vesentleg rolle. Hashin har sagt at Hedda og han møtte desse gutane då dei gjekk til Sogndal folkehøgskule etter konserten på utestaden Meieriet, og at Hedda vart med dei. I retten sa Hashin at han mistenkte Hedda for å ha hatt sex med desse gutane. Men det finst altså ikkje noko som støttar opp om forklaringa hans på dette punktet.
- Når undersøkte de opplysingane om to gutar? spurde forsvarar Herman Hoff.
- Det gjorde vi i april, sa Broberg.
41 minutt utan svar på mobilen
Politiadvokat Knut Broberg gjekk også gjennom utskrift frå mobiltelefonsamtalane til og frå mobilen til Hashin. Ein kamerat av han prøvde å ringe han fleire gonger etter at Hedda og Hashin forlet Meieriet. Klokka 01.40 og 01.42 var det to korte samtalar som Hashin svarte på. Så prøvde kameraten fire gonger i tidsrommet frå 01.44 til 02.02 å få kontakt igjen, men alle desse anropa gjekk til mobilsvar -med andre ord svara ikkje Hashin. Neste gongen kameraten ringde - klokka 02.23 - svara Hashin. Denne samtalen varte i eitt minutt og 40 sekund. Med andre ord er det eit tidsrom på 41 minutt mellom den siste samtalen Hashin svara på og den neste.
Viktig vitne sporlaust borte
Den kameraten som prøvde å ringe Hashin denne natta er den same som var med Hedda og Hashin på Meieriet og som fortalde Hedda at Hashin var gift. Mannen som gjekk under tilnamnet "Presidenten" har politiet prøvd å finne fordi han truleg ville ha vore det viktigaste vitnet i rettssaka. Men mannen er sporlaust borte.
Eit vitne hevdar å ha sett Hashin på veg heim til Navarsetevegen klokka 02.21, og ut frå det meiner politiet at han gjekk frå folkehøgskulen omlag 02.10.
- Låg det elevar og sov i naboromma til Hedda i det tidsrommet drapet skal ha skjedd? spurde dommar Carl Petter Martinsen.
- Ja, det gjorde det. Det er tre-fire stykker, og dei er avhøyrde, utan at dei kunne tilføre saka noko. Dei sov, sa Broberg.
- Er det ingen som har høyrt bråk? spurde forsvarar Herman Hoff.
- Nei.