NRK Meny
Normal

Ordførar glad for bompengestøtte - berre Frp røysta imot

Førdeordføraren er glad for at fylkestinget gjev si støtte til at dei kan bruke bompengar i Førdepakken.

Bompengering i Førde

UEINIGE: Frank Willy Djuvik frå Frp (øvst) røysta mot å gi støtte til bompengering i Førde. Ordførar Olve Grotle (H) seier det av og til er naudsynt med bompengar.

Foto: Montasje

Berre Framstegspartiet sine tre representantar røysta i mot då saka var oppe i fylkestinget tysdag.

Høgreordførar Olve Grotle er glad for støtta, men han forventar samtidig at fylkeskommunen også må spytte inn pengar i spleiselaget på 1,5 milliardar kroner.

– Det var viktig for oss å få med fylkeskommunen i det vidare arbeidet. Vi håper og trur at dei blir meir konkret i forhold til å bidra økonomisk, for det er også naudsynt, seier han.

Truleg ikkje mykje pengar å hente

Bomringen i Førde skal sikre betre vegar i byen og halvparten av summen for Førdepakken er det bilistane som skal ta. Det blir lagt opp til at 750 millionar kroner skal hentast inn gjennom bompengar.

Men det er truleg ikkje mykje å hente frå fylkeskommunen, i alle fall ikkje i denne omgang. Fylkesrådmann Tore Eriksen la i dag fram ein svært trong Regional transportplan med lite rom for nye investeringsprosjekt. Der har han ikkje teke stilling til Førdepakken i denne omgang.

Tykkjer det er kjempetrist

Framstegspartiet i Førde har kravd folkeavrøysting om bompengeringen.

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik var svært skuffa over bompengevedtaket i dag. Han meiner det er fullt mogleg å byggje veg utan bompengar og var med på å røyste mot.

– Det er kjempetrist for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, ikkje minst dei i Førde som må slite med dette. Vi har pengar i fond til å byggje vegar for. Det at innbyggjarane som har betalt skattar og avgifter for å få vegar skal betale ein gong til, det har eg ikkje sansen for.

– Alle seier det er viktig å byggje vegar, kvifor skal Frp stritte imot?

– Det er fordi dei andre partia ikkje har stortingsparti som evnar å prioritere noko av det viktigaste, nemleg infrastruktur. Kjem Frp til makta blir det ikkje bompengar, men vegar skal det likevel bli.

Har respekt for haldninga

Førde-ordførar Olve Grotle (H) seier han har respekt for den prinsipielle haldninga til Frp når det gjeld bompengar.

– Det som kom fram i dag var ikkje knytt særskilt til bomring i Førde, men bompengar generelt sett. Eg trur dei fleste tykkjer bompengar er noko negativt. Men skal ein komme nokon veg, så må ein av og til godta bompengar, seier Grotle.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser