Hopp til innhold

Berre fire psykologar i kommunane - vi treng 50 fleire

Dei som treng psykologhjelp i kommunane må belage seg på å vente lenge. 22 av kommunane våre har ikkje eigen psykolog.

Kart Sogn og Fjordane

TRE KOMMUNAR HAR: Gloppen, Eid og Førde har alle tilsett eigne kommunepsykologar. Norsk psykologforeining meiner det er for dårleg at 22 kommunar i fylket ikkje prioriterer dette.

Foto: Kart: Statens kartverk

– Det verkar ikkje som det er viktig å drive førebyggjande arbeid. Og at politikarane heller prioriterer saker dei ser kjappe resultat av, slik at dei kan sole seg i glansen av jobben, seier kommunepsykolog i Eid, Karen-Merete Bruland.

Vil ha tydlegare satsing

Karen-Merete Bruland

KOMMUNEPSYKOLOG: Karen-Merete Bruland er tilsett i Eid kommune og driv med førebyggjande arbeid. Ho har ikkje tid til klinisk arbeid med pasientar.

Foto: Privat

Ho kastar saman med 70 andre psykologar i fylket ut brannfakkelen i håp om at kommunane prioriterer å bruke pengar på psykologar.

For mangelen er stor i kommunane.

– Første gongen eg reiste ut for å snakke med folk her i Eid, kunne eg fylt opp timeplanen min i eit år framover. Det er mange som treng hjelp, og som ikkje får det. Eller som vert sendt til helseføretaket i staden for å få hjelp i heimkommunen. Det er ikkje i tråd med samhandlingsreforma, seier Bruland.

Psykologforeininga avdeling Sogn og Fjordane meiner fylket treng om lag 50 psykologar til for å komme opp på eit nivå med resten av landet.

– Vi veit at tidleg innsats for barn og unge sparer samfunnet for store summar seinare, og regjeringa er tydelege på at satsingsområdet no er barn frå 0–3 år. Men eg som er aleine i ein kommune rekk ikkje over alle som treng hjelp, rettleiing eller oppfølging, seier ho.

KS tviler på tala

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

MYKJE: – Det høyrest mykje ut med 50 nye psykologar i Sogn og Fjordane, seier KS-leiar Jenny Følling.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

KS-leiar Jenny Følling meiner talet foreininga kjem med er høgt.

– Eg veit ikkje om vi hadde klart å skaffe 50 psykologar fordi det er mangel på psykologar. Og med små kommunar er det ikkje sikkert alle skal tilsetje eigen psykolog, seier ho.

Samarbeid er nøkkelen for å kunne yte god nok hjelp meiner KS.

– Det er viktig at kommunane prioriterer dette, og samarbeider på tvers av kommunegrensene for å få til eit godt nok tilbod.

Følling har tru på at kommunane søkjer om midlar når det er mogleg og tvilar på at det er viljen det står på ute i kommunane.

– Nei, men det kostar pengar. Det er klart, og beskjeden frå dei som jobbar ute i kommunane er jo at det stadig er fleire som treng faghjelp. Utfordringa vert å klare å bruke kvarandre sine tenester og hjelpe kvarandre i små og store kommunar.