Hopp til innhold

Berre fire av ti klarer vidaregåande

1800 barn i Sogn og Fjordane får hjelp frå barnevernet, og berre fire av ti fullfører vidaregåande skulegang. Sjå, høyr og forstå oss, er rådet frå barnevernsbarn

Alexander

SJÅ, HØYR OG FORSTÅ: Det er rådet frå barnevernsbarn Alexander, her på konferansen der han skal inspirere barnevern og skular i kommunane til å betre samarbeidet.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Eg måtte byrje å ta vare på meg sjølv då eg var ti år gamal. Eg ringde barnevernet og fekk eigentleg avslag, seier barnevernsbarnet Alexander.

Akkurat no reiser han landet rundt saman med Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir), for å få barnevernet og skulane til å samarbeide betre.

Sjå, høyr og forstå barna, er Alexander sitt råd. For han vart det avgjerande at vaksne gjorde nettopp det, då han opplevde at heimen hans ikkje lenger var ein trygg stad å vere. Redninga var ein lærar.

– Han forstod det. Han sa at han ikkje er sur på meg fordi eg herpa halve skulen. Han sa at han var sur på systemet, seier Alexander.

Berre fire av ti klarer vidaregåande skule

1800 barn i Sogn og Fjordane får hjelp frå barnevernet. Men berre fire av ti born klarar å fullføre vidaregåande utdanning, og dermed fell dei også oftare utanfor arbeidslivet. Det kostar både samfunnet, og det enkelte mennesket.

Høyr barnevernsbarn Kim Dingen si historie, om korleis han fekk hjelpa han trong:

Onsdag var Alexander, Bufdir og tilsette i barnevern og skular i fylket samla for å følgje Alexander sitt råd, for å forstå kvarandre og samarbeide betre og tettare.

Børge Tomte

BØRGE TOMTE: Seksjonssjef Bufdir

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Dette er ei heilt nødvendig satsing. Vi veit kor viktig vidaregåande utdanning er for korleis barna får det som vaksne. Barnevernssektoren har eit mandat til å bry seg om kva som skjer i skulesektoren, og motsett, seier Børge Tomte, seksjonssjef i Bufdir.

– Vi må gjere som Alexander seier

Målet med dei 18 konferansane er innspel til ein ny og omfattande fagleg rettleiar som tilsette i skule og barnevernet skal bruke for å klare å fange opp og hjelpe barnevernsbarna. Rettleiaren skal takast i bruk allereie til hausten.

Tom Andersen og Line Dalelv

TOM ANDERSEN OG LINE DALELV

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Vi må bli flinkare. Vi må ha ambisjonar på vegner av desse ungdomane og borna, kanskje i større grad enn vi har hatt tidlegare. Ein del undersøkingar viser at det ikkje har vore godt nok, seier Tom Andersen, einingsleiar ved Sogndal ungdomssenter

Rektor ved Hollevik skule i Vågsøy, Line Dalelv, trur det er mogleg å strekke seg lenger i ein travel skulekvardag.

– Det kan vi klare, men ikkje åleine. Vi er nøydde til å samarbeide, og kanskje av og til gjere ein dugnad. Vi er nøydde til å sjå, høyre og forstå. Som Alexander seier: det var ein som jobba på skulen som sat utover den tida han hadde betaling for, seier Dalelv.

Diskuterer korleis dei skal sjå, høyre og forstå barnevernsbarn

Foto: Eli Eikenæs Vengen