Hopp til innhold

Berre eitt lag held seg i 3. divisjon

Etter at Årdal FK i helga tapte heime mot Valdres er det berre Fjøra og Stryn av laga frå Sogn og Fjordane som har sjanse til å halde plassen i 3. divisjon.

Stryn-Fjøra

I FØRARSETET: Fjøra, her i grønt, har fire poengs forsprang til Stryn.

Foto: Stig Høynes

Det står mellom Stryn og Fjøra. Det er klart at berre eitt av laga kan sikre plassen. Akkurat no er det Fjøra som ligg best an.

Ei omlegging av seriesystemet gjer at laga frå sjetteplass og nedover rykker ned i 4. divisjon. Det står att tre serierundar, og trenar Ivan Øy i Årdal FK måtte laurdag innsjå at målet om å vere blant dei fem beste i si avdeling ikkje lenger er mogeleg å nå.

– Ikkje høgt nok snittnivå

Ivan Øy

FOR UJAMNE: Årdal FK-trenar Ivan Øy.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har vore for ujamne i prestasjonane våre. På vårt beste har vi vore veldig gode, men i den siste perioden har vi ikkje hatt høgt nok snittnivå til å hamle opp med dei beste laga. I tillegg hadde vi fleire unødvendige poengtap i starten av sesongen.

For ein månad sidan var Øy optimistisk. Laget hadde ei imponerande rekkje med sigrar, og det var berre to poeng opp til femteplassen. Men etter det har poengfangsten vore mager. Årdal er det einaste laget frå Sogn og Fjordane i ei avdeling der alle dei andre laga kjem frå Austlandet. No blir det 4. divisjon i 2017.

– Men vi satsar på at opphaldet der blir kortast mogeleg. Vi har så gode spelarar at dei fortener å spele på eit høgare nivå. Men eg trur at 4. divisjon neste år kan få eit bra nivå, seier Øy.

Fjøra har forsprang

Dei fire andre laga frå fjordfylket held til i avdeling 8, der dei andre laga kjem frå Møre og Romsdal. Der har det lenge vore klart at Sogndal 2 og Florø 2 ikkje har sjanse til å bli mellom dei fem beste laga.

Det har framleis Fjøra og Stryn. Fjøra ligg akkurat no på femteplass med 38 poeng. Stryn er nummer sju med 34 poeng. Ut frå kampprogrammet kan det sjå ut som Fjøra har gode sjansar til å sikre femteplassen.

  • 08.10: Sogndal 2-Stryn
  • 09.10: Florø 2-Fjøra
  • 15.10: Stryn-Kristiansund FK
  • 15.10: Fjøra-Sogndal 2
  • 22.10: Stryn-Spjelkavik
  • 22.10: Fjøra-Kristiansund FK

Trur to sigrar til held

Håvard Hatle

– I VÅRE HENDER: Fjøra-trenar Håvard Hatle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sunnmørslaga Bergsøy med 34 og Hødd 2 med 33 poeng kan og blande seg inn i kampen om den siste plassen som gir plass i neste års 3. divisjon. Men Fjøra har handa på rattet og er sikra femteplassen om dei vinn to av dei tre attverande kampane.

Fjøra-trenar Håvard Hatle trur to sigrar også vil vere nok til å bli blant dei laga med femteplass som held seg i 3. divisjon.

– Vi har alt i våre hender. Hadde eg fått eit slikt tilbod før seriestart så hadde eg gladeleg sagt ja takk.

Men han tek ikkje for gitt at Fjøra plukkar trepoengarar både mot Florø 2 og Sogndal 2.

– Kampane skal spelast, og Florø 2 er eit bra heimelag.

– Ikkje krise med nedrykk

Johann Sigurdsson
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Johann Sigurdsson, som trenar Stryn, ser at det kan bli tøft å passere Fjøra på tabellen, men han lovar at Stryn skal kjempe så lenge det er håp.

– Vi skal prøve å få så mange poeng som mogeleg, så får vi sjå kva det held til. Men vi er avhengige av andre resultat. Uansett er eg glad for at vi har noko å spele for heilt ut, det gir ekstra motivasjon med slik spenning.

Han ser det ikkje som ei krise om det blir nedrykk til 4. divisjon.

– Det blir ein fin divisjon å spele i, og vi må tenke langsiktig. Uansett har vi hatt ein OK sesong. Med ein normal sesong utan serieomlegging ville vi ha greidd oss godt. Andrelaget vårt vann 5. divisjon, men får ikkje rykke opp på grunn av serieomlegginga.

Dersom anten Fjøra eller Stryn greier å halde plassen, blir Sogn og Fjordane representert med to lag i den nye 3. divisjonen frå 2017, i og med at Førde kjem ned frå 2. divisjon.