Årleg kastar norske husstandar 100 000 tonn plast – berre ein tredjedel blir resirkulert

FØRDE (NRK): Berre ein tredjedel av plasten i norske husstandar vert sortert riktig og sendt til resirkulering. Grønt Punkt Norge: – Alt for dårleg!

Laster kart, vennligst vent...

PLASTREISA: Plasten som sorterast som plastemballasje blir sendt til Tyskland for resirkulering. Sidan berre ein tredjedel av plasten blir sortert riktig endar to tredjedelar opp som restavfall og endar opp til forbrenning på Austlandet eller i Sverige.

– Hushaldningane i Norge kastar omtrent 100 000 tonn plast årleg. Berre ein tredjedel av dette blir sortert som plastavfall. Dei to siste tredjedelane hamnar i restavfallet.

Haug med restavfall

RESTAVFALL: 60 000 tonn plast hamner i restavfallet fordi vi ikkje sorterer godt nok. Dette blir sendt til Austlandet eller Sverige kvar det endar opp som energi.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Det seier Kari-Lill Ljøsdal som er kommunikasjonsdirektør i Grønt Punkt Norge.

Dei hentar plasten hos kommunane og fraktar den til sorteringsanlegg i Tyskland for resirkulering.

– Det å sende det til Tyskland er veldig lite miljøkrevjande. Sjølve transporten heile vegen er berre 8–10 prosent av det totale miljørekneskapen. Dessutan nyttar vi bilar som vanlegvis går tomme tilbake til Tyskland til å frakte dette, seier ho.

Kvar nordmann kastar i snitt 18 kilo plastemballasje kvart år.

Kari-Lill Ljøstad

GRØNT PUNKT: Kari-Lill Ljøsdal oppfordrar alle til å sortere plast riktig. I dag endar over to tredjedelar i restavfallet.

Foto: Pressefoto

Skal bli betre

I Sogn og Fjordane er det berre Sunnfjord Miljøverk som ikkje hentar plastavfallet hos abonnentane. Det kan gå utover sorteringa.

– Med dei ordningane vi har, så har vi ei grei sortering. Det kjem mykje plast inn i restavfallet, seier Henning Tjørholm, dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk (SUM).

Den daglege leiaren erkjenner at fleire kanskje hadde sortert plast riktig dersom ordninga var betre.

– Mange spør etter ei anna plasthandsaming frå SUM si side, så eg oppfattar jo at folk er interessert, seier han og viser til at regelverket vil bli endra.

Henning Tjørholm ute i miljøverket

MERKAR ENGASJEMENT: Dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk merkar at folk vil sortere. Han trur det blir betre i åra framover, mest fordi krava frå EU vil krevje at sorteringa blir betre.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Stortingsmeldinga i februar seier rett ut at både plast og matavfall skal sorterast ut. Det kan komme krav om metode for utsorteringa, men vi ventar på også eit nytt regelverk frå EU på dette, seier Tjørholm.

Små grep – stor betydning

Grønt Punkt håpar nordmenn kan bli betre til å sortere.

– Den norske befolkningar har mykje å gå på før vi blir noko gode på dette. I tillegg veit vi at med små tiltak ville vi lett ha klart å endre dette til at 2/3 vart sortert riktig. Det vil utgjere ein stor forskjell, seie ho.

Avfallspose med returplast

SORTERT: Det er i slike sekkar abonnentane skal sortere emballasjeplast i. Som regel vert desse henta saman med anna avfall hos kundane, men i Sunnfjord må kundane sjølv levere sekkane på miljøstasjonane. Det seier kundane sjølv at er grunn nok til at dei droppar å sortere plast.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Dei meiner grepa for å få til dette er ganske enkle.

– Det einaste forbrukarane må gjere er å få det i rett dunk, seier Ljøsdal.

Plasten som blir resirkulert kjem attende som ny plastemballasje. Grønt Punkt meiner det er god grunn til å resirkulere. For dei er det viktig å poengtere at plast er ei ikkje-fornybar råvare og viser til at vi bruker opp jordas ressursar.

– Vi ha moral til å skjønne at det vi brukar må brukast fleire gonger. Dessutan er det eit veldig positivt miljørekneskap – for kvar kilo plast vi resirkulerer, så sparar vi faktisk to kilo med råolje. Vi sparar store Co₂-utslepp og vi sparar veldig mykje energi.