NRK Meny
Normal

Hadde berre éin passasjer på første tur

Kjell Bøe Bjørgum hadde ei heil hurtigbåt for seg sjølv, då han var einaste passasjer på hurtigbåtruta som er sett opp mellom Flåm og Gudvangen medan E16 gjennom Gudvangatunnelen er stengd.

Tidecruise

SKAL FRAKTE TURISTAR: Norled har sett opp hurtigbåt som skal frakte turistar mellom Flåm og Gudvangen.

Foto: Norled

– Dette hjelper meg masse, seier Bjørgum til Sogn Avis.

Han er arbeidspendlar til Gudvangen, og pendlar dagleg frå Flåm. Førre veke måtte han bu i Gudvangen, og han er svært glad for det nye båttilbodet.

Men trass i at det i går var grisgrendt mellom passasjerane, har mannskapet stor tru på at passasjertalet vil ta seg opp, ikkje minst av turistar frå turbussar.

Er tiltenkt turistane

– Dette er eit reint transportprodukt retta mot passasjerar på turistbussar, som elles hadde nytta den stengde E16 Gudvangatunnelen. Båten køyrer fire gonger kvar veg, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Nils Magne Slinde til avisa.

Direkteruta tek 50 minuttar, og vert drifta av Norled. Båten har kapasitet til 147 passasjerar, og er eit reint transporttilbod utan servering og guiding.

– No veit folk at båten er her. Vi forklarar til alle som kontaktar oss, at båten er på plass, og at det er mogleg å ta han, seier Sindre Orvedal som er kundehandsamar i Flåm Utvikling.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser