Hopp til innhold

Berre ein student utestengd frå studiane i fjor - vil ha strengare regelverk

Regelverket for å få studentar utestengd frå studiar fordi dei ikkje er skikka til yrket er for dårleg. Det meiner Anne-Grethe Naustdal, nestleiar i arbeidsutvalet for skikkasaker.

Anne-Grethe Naustdal - Montasje

UROA: Anne-Grethe Naustdal meiner dagens regelverk som studieinstitusjonane kan bruke til å stenge ute studentar som ikkje er eigna til lærar- eller omsorgsyrka er for svakt.

Foto: Montasje / NRK

– I 2012 vart berre 75 saker meldt inn på nasjonalt plan, og i fjor var talet 85. Av desse er det berre fire til seks studentar som er utestengde frå studiane. Det gjev grunn til undring, seier Anne-Grethe Naustdal.

Ho arbeider ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og er den som følgjer opp saka når nokon meiner ein student ikkje er eigna til å fullføre utdanninga. Ho er også nestleiar i den nasjonale arbeidsgruppa for skikkavurderingar, som er forumet der det blir endeleg teke stilling til om ein student skal få halde fram på studiane eller ikkje.

– Kan vere til fare for pasientar

Alle studentar som ynskjer å bli barnehagelærar, lærar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar blir løpande vurdert av sine lærarar og andre dei er i kontakt med ute i praksis.

– Dersom ein sjukepleiestudent til dømes ikkje klarer å fange opp kva hjelp ein pasient treng, så er han eller ho ikkje skikka til å hjelpe pasienten. Dersom ein ikkje har nok fagkunnskapar til dømes, kan ein vere ein fare for pasienten, seier Naustdal, som sjølv er utdanna sjukepleiar.

Ofte handlar tvilsmeldingane om dårleg eller manglande evne til å kommunisere, samhandel og samarbeide. Det kan også vere snakk om psykisk sjukdom, språk, rus, narkotika og pillemisbruk.

– Ikkje alle har dei personlege eigenskapane som skal til. Det krevst spesielle eigenskapar for hjelpe andre menneske, seier førstelektoren.

Har årleg fleire saker

– Det er ikkje noko mål at mange skal bli utestengde, men når ein tenkjer på kor mange som studerer desse faga, så er fire til seks utestengingar dei siste åra relativt lite, seier Naustdal.

Studentavisa "På høyden" har henta inn tala for 2013, som syner at av dei 85 meldingane som vart meldt inn, vart berre ein student utestengd. Det var ein student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

EIN UTESTENGT: Av 85 tvilsmeldingar som kom inn om studentar i heile landet, vart berre ein student, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane utestengt i 2013.

Foto: Steinar Lote/NRK

– I snitt har eg fire-fem saker til behandling årleg, få av desse endar med utestenging, seier Naustdal.

Meiner regelverket er for svakt

Ved lærarutdanningane har ein sidan 1973 hatt skikkavurderingar, medan eit slikt løpande vurderingssystem først kom inn i helse- og omsorgsfaga i 2006. Naustdal meiner dagens regelverk i for liten grad vernar brukarar og pasientar som studentane er i kontakt med.

– Det er rart at studentar som blir erklært uskikka berre blir utestengde i tre år. Etter det kan dei starte opp igjen på same utdanning. Ved politiutdanninga har dei høve til å stenge ute folk på livstid. Det er merkeleg at dei gruppene politiet er i kontakt med har krav på større vern enn det til dømes barnehagebarn og pasientar har.

I 2011 var Naustdal også med i ei nasjonal arbeidsgruppe som leverte fleire forslag til lovendringar, men til no har lite skjedd.

Gjennomgang på trappene

– Dersom studenten blir rettleia ut av studiet eller sluttar sjølv, så blir ikkje det fanga opp noko stad, då kan han eller ho hoppe frå studiestad til studiestad. Eg meiner studieinstitusjonane bør få høve til å utveksle informasjon om pågåande saker, og gje brukarane auka krav på vern, seier Naustdal.

Også Kunnskapsdepartementet har sett at det er behov for å gå gjennom dagens regelverk og eventuelt kome med endringar og oppdateringar.

– Departementet tek sikte på ein gjennomgang av regelverket om skikkavurdering i løpet av hausten, seier seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet, Siri Baastad.