NRK Meny
Normal

Berre ein politibåt i heile Vest politidistrikt

Frå Sunnhordland i sør til Stadt i nord, den einaste politibåten til Vest politidistrikt har ei lang kystlinje å dekke. – Vi skulle hatt meir tid her i distriktet, seier politimeisteren.

KONTROLL: Båtførar Helge Kristiansen har ingenting i mot å bli stogga av politiet.

– Det er berre hyggeleg og det skulle berre mangle. Vi må ha litt kontrollar, seier Helge Kristiansen, då NRK spør om korleis det er å bli stogga av politibåten.

Vest politidistrikt har berre ein politibåt, og i dag patruljerte den kysten utanfor Florø.

Då Kristiansen vart stogga av politiet, var det fyrste gongen nokon sinne, i sine 30 år som båtførar. Han hadde alt på stell og kunne køyre vidare.

Var i Florø for å vise seg fram

– Vi skulle hatt fleire kontrollar i Sogn og Fjordane, seier Kaare Songstad, politimeister i Vest politidistrikt.

I dag var dei i Florø mest for å vise fram politibåten. Om dei kjem tilbake seinare i sommar er usikkert. Båten er til dagleg stasjonert i Bergen.

– Det er krevjande å drive politibåtar på kysten. Vi skal vere glad for den vi har, og heller sørgje for at den går mest mogleg, seier Songstad.

Politibåten til kai i Florø

BERGENSAR: Politibåten til Vest politidistrikt er stasjonert i Bergen.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Lågare terskel for promille

Berre ein politibåt på strekninga mellom Sunnhordland og Stadt. Det imponerer ikkje ordføraren i Flora.

– Det burde vore fleire, i alle fall om dei skal følgje opp det førebyggande arbeidet. Beredskap til sjøs er like viktig som beredskap på landevegen, seier ordførar Ola Teigen.

Han fryktar at folk tek sjansar på sjøen, når sannsynet for å møte på politiet er låg.

– Eg trur mellom anna at terskelen for å køyre med promille på sjøen blir lågare, når ein veit at politiet ikkje er til stades, seier Teigen.

Ifølgje politimeisteren er det for lite ressursar, som gjer at dei ikkje kan patruljere meir i Sogn og Fjordane.

– Meir tid på sjøen i dette distriktet, hadde vore greitt å få til, seier Songstad.

Ola Teigen

VIL HA FLEIRE KONTROLLAR: Ordføraren i Flora, Ola teigen, skulle gjerne sett politibåten oftare i sitt distrikt.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune