Hopp til innhold

Berre ein nynorsk song i MGP Lokal

Berre ein av 16 deltakarar i den lokale MGP-finalen syng på eiga dialekt.

Video Einar Bolstad frå Luster

EINASTE PÅ NYNORSK: Berre Einar Bolstad frå Luster syng på nynorsk.

Fredag stillar dei unge songtalenta på scena i Florø i den lokale varianten av Melodi Grand Prix. Der blir tekstar på målføre i Sogn og Fjordane sjeldan vare.

LES OGSÅ: Stem på din favoritt i MGP Lokal

Valde nynorsk song

Einar Bolstad er 16 år og kjem frå Hafslo. Han skal delta på MGP Lokal, men er den einaste som syng på nynorsk. Det tykkjer han er litt rart.

– Det er litt spesielt, eg hadde trudd det var fleire som gjorde. Men det finns jo så fengande songar på andre språk, som til dømes engelsk.

Bolstad skal synge ein song med namnet "Songen", som Børge Vatlestad frå Sogndal har skrive. Kvifor akkurat den, har 16-åringen eit ganske enkelt svar på.

– Eg tykkjer den er fin, seier han.

Kjempar for nynorsken

23 år gamle Vatlestad skulle ønskje det var fleire enn songen hans som var på nynorsk.

– Eg er ein forkjempar for nynorsk. Det er ein trend at mange syng på engelsk, men det burde vore fleire songar på nynorsk.

Trur på positiv effekt

Vatlestad som allereie har skreve mange songar på sogne-dialekt, ser eit lys i tunnelen. Kjende artistar som Kaizers Orchestra og John Olav Nielsen og Gjengen, gjer at kanskje fleire vil begynne å skrive på sin eigen dialekt.

– Det er difor eg er positivt innstilt. Folk som er i rampelyset, brukar norsk. Eg trur det bli effekten kan bli at ungdommen høyrer at det går an å gjere noko positivt og vellukka med sitt eige språk.

– Tilfeldig at det blei engelsk

Video Julia Gåsvær

VALDE ENGELSK: Julia Gåsvær frå Hardbakke.

Foto: Nyhetsspiller

Julia Gåsvær frå Harbakke, er ein av dei som skal syngje på engelsk under konkuransen i Florø. Men Gåsvær seier ho like godt kunne ha skreve ein song på norsk.

– Det var litt tilfeldig at den blei på engelsk, for eg skriv både på engelsk og norsk. Eg trur at ungdom no har så god kjennskap til engelsk at vi kan sette oss inn i engelske songar i tillegg til norske.

Erlend Bolstad likar også å synja på engelsk, men han er glad han syng på si eiga dialekt på fredag.

– Eg tykkjer det er fint å syngje på norsk.

NRK Sogn og Fjordane sendar MGP Lokal direkte i nett-TV frå klokka 19:30 fredag.