Hopp til innhold

Berre ein med ansvar for dødsbodskap - i heile fylket

Innsparingane som Bjørgvin bispedømme må ty til kan føre til at ein prest får vaktansvaret for heile Sogn og Fjordane - mellom anna med å gå med dødsbodskap.

Sokneprest og prost i Lærdal

UROA FOR FRAMTIDA: Prost Kjetil Netland, her saman med sokneprest Helene Langeland i Lærdal, kvir seg for å gjennomføre sparetiltaka.

Foto: Jan Christian Jerving

Dersom denne vaktpresten ikkje får tak i den lokale presten når nokon skal varslast om at nære slektningar er døde, må han sjølv ta turen, og det kan bli langt å reise, seier prost Kjetil Netland i Sogn.

– Når det gjeld sjelesorg og nattverd til ein døyande så tikkar klokka, rett og slett. Det vil ta tid før presten når fram.

– Kvir meg

Bjørgvin Bispedøme må kutte 7,5 millionar kroner i budsjettet i år, og fleire ledige prestestillingar blir truleg ståande tomme. Stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit går mellom anna inn for å redusere beredskapsområda. Det vil seie at ein prest får vaktansvaret i heile fylket, for å gå med dødsbodskap eller gje sjelesorg og nattverd til døyande.

Kjetil Netland er opprørt og uroa for framtida til kyrkja og tilbodet til innbyggjarane.

– Eg kvir meg til å måtte vere den som skal iverksette desse tiltaka. Eg ser veldig alvorleg på situasjonen. Det kan høyrast ut som vi kan greie oss med to prestar mindre, man kva bygd er det då som skal bli ståande utan prest?

Eid kyrkje og Eid kyrkjetun

FÆRRE GUDSTENESTER: Eid kyrkje er mellom kyrkjene der det kan bli lengre mellom gudstenstene. Nordfjord prosti kjem uheldig ut fordi det er tre ledige prestestillingar som no kan bli ståande tomme.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Nordfjord kjem uheldig ut

Kravet om kutt i millionklassen kom uventa. Leiinga i bispedømmet svarte med å føreslå å seie opp prestar, det vert dei nekta av Kulturdepartementet. No kjem stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit med andre forslag, som å ikkje tilsetje prestar i stillingar som vert ledige.

– I Nordfjord prosti er det akkurat no to ledige stillingar, og det blir ei ledig stilling til, så det blir i alt tre stillingar. Så Nordfjord blir hardt råka.

Med tre færre prestar i prostiet ser sokneprest i Bremangar og tillitsvald for prestane i Nordfjord, Kirsti Sørnes, føre seg endå meir arbeid på seg sjølv og kollegaene, og færre gudstenester.

– Eg har ikkje noko godt framlegg til korleis vi elles skulle gjere det. Det er veldig dumt at dette skjedde akkurat no når vi har tre ledige stillingar. Dette blir veldig krevjande.

– Er det dette politikarane vil?

Bispedømerådet skal handsame kuttforslaga på eit møte i neste veke. Eigentleg skulle dei bruke møtet på å tilsette to prestar - ein i Eid og ein i Førde. Kva som skjer med desse stillingane no er usikkert.

I mai kjem revidert nasjonalbudsjett. Prost Kjetil Netland etterlyser engasjement frå stortingspolitikarane frå fylket.

– Eg lurer på om det er dette stortingspolitikarane våre ynskjer. Eg trur ikkje, og eg håpar ikkje dei gjer det, men det er dei som sit med nøkkelen.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) seier at han kjenner saka berre gjennom media, og at det er vanskeleg å gå inn og snakke om pengar no.

– Vi får sjå kva som kjem ut av dialogen mellom kulturministeren og bispedømmet.