NRK Meny
Normal

Berre ein bonde ville lytte til Høgre

FØRDE (NRK): Då Høgre inviterte bøndene til møte i Førde torsdag kveld dukka det berre opp éin bonde. – Pinleg, vedgår bondelagsleiar.

– Nei, det var katastrofalt eller pinleg. Det var ikkje oppmøte, bortsett frå ein person utover dei som var planlagt skulle kome, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Torsdag var Høgre sin landbrukspolitiske talsperson, Ingunn Foss, på rundtur i Sunnfjord. Ho fekk synfaring på slakteriet til Nortura i Førde og på ein gard i Gaular. På kvelden var det duka for ope møte med bøndene. Men knappe to veker før regjeringa legg fram sitt tilbod i jordbruksforhandlingane, møtte ikkje bøndene opp for å høyre kva tankar regjeringspartiet gjer seg om næringa.

– Eg trur grunnen er at dei delvis har gitt opp Høgre i høve landbrukspolitikk. Høgre er for lite synlege lokalt i vårt fylke og nasjonalt. Det kan virke på oss som at Framstegspartiet styrer dette bordet åleine. Det håpar vi endrar seg, seier Felde.

Store forventingar

Den eine bonden som tok turen var Kjell Humlestøl, mjølkebonde og nestleiar i bondelaget i Eikefjord. Han slår sjølv seks gardar for å skaffe for til dei 16 mjølkekyrne han har på båsen. I tillegg har han full jobb ved sidan av.

– Vi må jo håpe at det kjem signal om at dei vil stimulere til løysingar som gjer at vi kan utvikle drift og bygningsmasse på mindre bruk, slik at det blir forsvarleg å drive. Eg føler vi meir eller mindre driv dugnad for samfunnet slik det er no, seier bonden.

Og talspersonen for landbruk i Høgre både lytta til og let seg imponere over den driftige bonden.

– Det står respekt av det han gjer. Det er sjølvsagt frivillig å drive gardsbruk, men eg må seie eg er audmjuk overfor næringsutøvarar som gjer ein så tøff jobb, sa Foss.

Delte meiningar om praktisk politikk

Under møtet lova ho også sterkare fokus på dei små og mellomstore bruka.

– Vi ynskjer å ha eit landbruk med små og store bruk i heile landet. Ser ein på overføringane, så har rett nok dei som driv litt større fått auka inntening, men både distriktstilskot og vanlege tilskot til dei mindre bruka har ikkje gått vesentleg ned, utdjupar Foss.

Bondelagsleiaren likte det han høyrde.

– Eg tolkar ho slik at dei vil sjå på tiltak som går i vår retning, sa Felde etter møtet.

På den glisne tilhøyrarbenken var entusiasmen likevel ikkje like stor. Humlestøl håpar dei fagre orda også syner att i praktisk politikk.

– Eg er ikkje sikker på om eg er mindre oppgitt enn eg var før eg kom. Eg sit att med ei kjensle av at vi helst skulle teke ut lønna vår i god omtale. Når det kom til diskusjon om reelle verkemiddel, så vart det tomt.