Hopp til innhold

No er første av to nye ferjer til E39-sambandet komen til fylket

Endeleg har MF «Gloppefjord» lagt til kai etter ein lang og forsinka seglas. Det er godt nytt når Anda-Lote slit med redusert kapasitet i dag.

Gloppefjord

SJÅ BILETE: Her kan du sjå bilete av nye «Gloppefjord».

Foto: FJORD1

Dårleg vêr gjer at turen frå Tyrkia har tatt lenger tid enn planlagt. Klokka 5 kom den første av to batteriferjer fram til Florø. No ventar Fjord1 i spenning på MF «Eidsfjord».

Det blei ein kjedeleg start på året for dei som nyttar E39-sambandet. Berre fire dagar etter at det blei sett inn ei ekstra ferje i drift, kom meldinga om tekniske problem på MF «Sognefjord».

– I verste fall vil ruta til «Sognefjord» bli innstilt ut dagen i dag. Reservefartøyet MF «Gulen» vil vere på plass i morgon om dette vert langvarig, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Dei batteridrivne ferjene som skal setjast inn i trafikk på Anda-Lote er kraftig forseinka. Det er MF «Årdal» og MF «Sognefjord» som har ansvaret for å frakte folk over fjorden fram til desse er på plass.

Tekniske problem gjer at det berre er ei ferje på plass.

– Det er problem med temperaturen på ein hovudmotor. Vi har folk på staden som driv med feilsøking, seier Kristoffersen.

Kristoffersen trur det vil gå greitt med ferjetrafikken ut dagen.

Ordførar er glad for at ein unngår full stopp

Dei siste åra har det Fjord1 stadig fått kritikk for dårleg kapasitet på sambandet Anda-Lote. Etter at bilferja MF «Årdal» kom i trafikk har talet kanselleringar auka kraftig.

– Vi trudde at det var slutt på trøbbel før nyttår, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Han ser likevel ikkje bekmørkt på situasjonen.

– Det positive er at det trass alt er to gamle ferjer på sambandet, og ikkje berre ei. Då unngår vi full stopp, seier Bjørlo.

Laster Twitter-innhold