Hopp til innhold

Berre ei avis hadde framgang

Så godt som alle lokalavisene i Sogn og Fjordane hadde nedgang i opplagstala i 2010. Unnataket er Ytre Sogn.

Lokalaviser i Sogn og Fjordane
Foto: Rune Fossum / NRK

- Tilbakegang i opplaget er aldri noko kjekt. Det vi må ta med oss, er at vi står veldig sterkt i Førde og nærområda - der har vi framgang, seier Yngve Årdal.

Han er redaksjonssjef i avisa Firda, og konstaterer at avisa hans gjekk tilbake med 255 aviser i opplag i 2010. Det er desidert mest av lokalavisene i Sogn og Fjordane.

Auka med 51 aviser i opplag

- Tilbakegangen vår kjem i område der vi har konkurranse frå andre lokalaviser, det vil seie Gloppen, Flora og Høyanger. Dessutan har vi stor nedgang i abonnentar utanfor fylket, forklarer Årdal.

Han er ikkje åleine om å vere leiar i ei avis som slit i motbakke om dagen. Av alle avisene i fylket var det berre Ytre Sogn som kunne vise til opplagsauke, då avistala vart lagt fram i dag.

Høyanger-avisa auka i 2010 opplaget sitt med 51 aviser for kvar utgåve.

- Det er eit resultat vi seier oss nøgde med. Vi hadde nedgang i fjor, så vi hadde eit sterkt håp om å gå opp att i år, seier konstituert redaktør Vegard Volle.

- Men at vi er den einaste avisa som går opp, er noko overraskande, legg han til.

Her er utviklinga i opplagstal for 2010:

  • Firda 13330 (-255)
  • Firda Tidend 3046 (-18)
  • Firdaposten 5327 (-130)
  • Fjordabladet 2796 (-1)
  • Fjordenes Tidende 5308 (-126)
  • Fjordingen 4269 (-30)
  • Sogn Avis 10053 (-108)
  • Ytre Sogn Avis 1647 (+51)

- Eg trur avisene som skriv heilt ultralokalt om sine kommunar har ei framtid. Firda skal femne litt breitt, og då blir det litt meir regionale saker. Husstandar som vel å ha anten ei eller to aviser, vel dei kanskje bort den regionale, seier Yngve Årdal.