Hopp til innhold

På veg til kamp - berre 540 kilometer att

Denne helga startar 2. divisjon i fotball - med reiseavstandar som gjer at enkelte kallar det dødens divisjon.

Førde fotball på veg til Trøndelag

GOD STEMNING: Spelarane til Førde er på veg på den første av mange lange bortereiser.

Foto: privat

Fredag sette spelarane til Førde seg i ein buss for å køyre 554 kilometer til Stjørdal. Der spelar dei årets første seriekamp mot Stjørdals-Blink laurdag klokka 16. Og dette blir ikkje den einaste turen til Trøndelag, for det er i alt fem lag frå den landsdelen i avdelinga til Førde og Florø.

Per Øyvind Storevik

«DØDENS DIVISJON»: Per Øyvind Storevik i Førde IL.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Per Øyvind Storevik i fotballgruppa i Førde IL fortel at det er så ille at dei har teke i bruk galgenhumor.

– Eg kallar det dødens divisjon. Folk skal ha full jobb ved sidan av fotballen, dei skal trene mykje, så det har konsekvensar. Men slik er det. Vi kan ikkje bruke energi på at det er langt til Trondheim.

Han seier at dei har rekna på tidsbruken ved å bruke fly samanlikna med buss, og då kom dei til at dei brukar 30 timar tur/retur med buss, med fly blir det totalt 31 timar.

I tillegg til dei fem laga frå Trøndelag skal Førde og Florø møte fire lag frå det indre Austlandet og tre frå Møre og Romsdal. Så når sesongen er slutt har det blitt nokre mil på vegen.

Terje Rognsø

BÅDE FLY OG BUSS: Trenar Terje Rognsø i FSK.

Foto: TRULS KLEIVEN

Florø med fly og eigen buss

Florø-trenar Terje Rognsø seier at dei har valt å bruke fly til nokre av bortekampane.

– Vi har valt ein annan modell. Vi trenarane reiser landevegen med eigen minibuss, medan spelarane tek fly frå Florø laurdag morgon. Så plukkar vi dei opp på Værnes eller Gardermoen. Og etter kampen er spelarane med i bussen heim.

Økonomisk er dei lange reisene også ei utfordring, seier Rognsø.

– Hadde vi ikkje hatt eigen buss så hadde dette ikkje gått. Men dette er vi vane med.Vi bur der vi bur, og spelarane er veldig nøgde med den løysinga vi har kome fram til i år.

Men på ein tur har Førde og Florø spleisa på eit fly saman. Då spelar Førde mot Strindheim og Florø mot Stjørdals-Blink.