Hopp til innhold

Berre 3500 har vitja Astruptunet

Nedgangen i besøkstala ved Astruptunet held fram.

Astruptunet

FÆRRE PÅ BESØK: Astruptunet opplever sviktande interesse frå turistar og andre gjennom sommarsesongen.

Foto: NRK

Så langt i år har berre 3545 personar løyst billett til Astruptunet i Jølster.

Det er vesentleg mindre enn i fjor, som også var eit dårleg år, skriv Firda Tidend.

Mindre interesse for Astrup

Kunstnaren Nikolai Astrup kjøpte i 1912 eit småbruk på Sandalstrand på sørsida av Jølstravatnet. I dag er det såkalla Astruptunet eit museum.

Men no viser det seg at interessa for å vitje heimen til den verdskjende kunstnaren blir mindre og mindre.

Nedgang på 400 frå i fjor

Ifølgje Firda Tidend kan årets sommarsesong vere den dårlegaste for Astruptunet sidan det vart opna.

– Slik det ser ut no, vil nedgangen for heile året under eitt bli på kring 400 personar i forhold til i fjor. Då enda besøket på 4075, fortel avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes i Sogn og Fjordane Kunstmuseum til avisa.