Hopp til innhold

Berre 12 på ferja

Ferjestrekninga Lavik-Oppedal på E-39 har spesialtransport på avgangen frå Lavik klokka 9:50 i dag, melder Statens vegvesen. Det vil dermed ikkje vere plass til fleire enn 12 passasjerar. Årsaka er at det blir farleg last på ferja.

Ferje, Oppedal-Lavik
Foto: Thomas Brakstad / NRK