NRK Meny
Normal

Tek sjåføren ut av trafikk

Bussjåføren som ifølgje fleire augevitne skal ha køyrt forbi eit titals bilar i Sogn onsdag, er no teke ut av trafikk. Det opplyser busselskapet Bergkvara.

Buss Bergkvara

KØYRDE FORBI; Fleire augevitne har stadfesta overfor NRK at bussen køyrde forbi eit titals bilar på veg frå ferjekaia på Fodnes. Sjåføren held fast på si forklaring om at det ikkje har skjedd.

Foto: Privat

– Vi bestemte tidleg fredag å ta den aktuelle sjåføren ut av teneste, og han måtte kome tilbake til sin stasjon i Sverige. Bakgrunnen for det er at vi skal få undersøkte hendinga skikkeleg, skriv Göran Mellström, som er administrerande direktør i Bergkvarabuss i ein e-post til NRK.

Fleire augevitne var rysta over trafikkåtferda til bussen som la seg ut og køyrde forbi eit titals bilar på veg frå ferjekaia på Fodnes og inn i Fodnestunnelen på riksveg 5 på onsdag. Sjåføren hevda at han ikkje har køyrt forbi nokon bilar.

Politiet har også fått melding om køyringa, og vurderer om saka skal etterforskast.

Held fast på si forklaring

Bussen høyrer til same selskap som i fjor var involvert i Fardal-ulukka der to kvinner mista livet. Mor til den norske kvinna, Mette Eidslott, reagerte med vantru då ho såg medieoppslaga om køyringa. Ho fryktar at selskapet ikkje har lært av den alvorlege ulukka.

– Slike val som bussjåføren tok, det er ikkje anna enn fullstendig galskap. Det er respektlaust overfor folk og liv du fraktar. Det er respektlaust i høve til folk rundt ein, sa ho til NRK.

I e-posten til NRK, skriv Mellström at dei set tryggleik i høgsetet. Han skriv også at sjåføren held fast på si forklaring.

– Sjåføren, i 60-årsalderen, har lang bransjeerfaring og har køyrt buss i utlandet i mange år, også i Noreg, utan å vere innblanda i ulukker. Han held framleis fast på si forklaring om at han ikkje har køyrt forbi nokon bilar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser