Hopp til innhold

Han passar på framtidige laksebergarar

Lakselus har vore ei av dei store utfordingane for oppdrettsnæringa. No har sju oppdrettarar gått i hop for å skaffe seg eit våpen i kampen mot lusa, nemleg leppefisken berggylte.

Halvor Hovland med berggylteyngel

BERGINGA FOR LAKSEN? Halvor Hovland ser på berggylteyngel som om ni månader skal på jobb for å fri oppdrettslaks for lakselus.

Foto: Stein Aase / NRK

Havlandet Havbruk i Florø er ein av to produsentar i Norge, og dei starta produksjonen av berggylte i haust.

Dagleg leiar Halvor Hovland er spent på utviklinga.

– Første generasjon av ein ny art er alltid spennande. Vi veit ikkje kva som ventar oss frå veke til veke når fisken går gjennom nye fasar.

Fiska med trollgarn

Stamfisken har dei fått tak i lokalt, den er fiska med trollgarn, i alt er det 1500 berggylter som er delt i tre ulike grupper. No er dei spente på om dei greier å unngå sjukdom på fisken.

– Det vi veit er at det er ein del parasittar som kan gå på berggylta. Det er spesielt bakteriesjukdommar vi no er vakne for, det er den klassiske vibriosen og ein bakteriesjukdom som heiter furunkulose vi vaksinerer mot.

Halvor Hovland

SPENT: Halvor Hovland håpar dei greier å unngå sjukdom på berggylta.

Foto: Stein Aase / NRK

Om ni månader er det meininga at den smolten som dei no passar på skal ut i laksemerdane og gjere jobben sin med å ta lakselus.

– Det blir avgjerande å få dei til å trivast frå første dag i sitt nye miljø i merdane. Det må vere godt med skjul i merdane, og nøtene må vere reine, slik at berggylta må gå på laksen for å finne krepsdyr å ete.

Berre hofisk

Halvor Hovland kan sjå om dei små fiskane har det bra.

– Jobben vår er å ta vare på det livet vi har i anlegget. Og den fisken vi har her er frisk, han har god appetitt, han er vital og sym godt mot straumen. Ein liten kuriositet er at alle fiskane oppi karet her er damer. Når dei er blitt rundt 35 centimeter skifter ein del av dei kjønn til hann.

Når berggylta i framtida forhåpentlegvis har gjort jobben sin med å plukke lakselus av laksen, lir han same lagnaden som laksen. Når merdane skal tømmast og laksen slaktast, fylgjer luseplukkarane med. Dermed må eit nytt kompani med berggylte settast inn når merdene igjen blir fylte med smålaks.

Berggylteyngel

BERRE HOFISK: I yngeltilstand er alle berggyltene hoer. Først seinare blir ein del av dei hannar.

Foto: Stein Aase / NRK