Hopp til innhold

Bergensarar vann Storehesten Opp

Torbjørn Thorsen Ludvigsen frå BFG Bergen vann Storehesten Opp med tida 1.06.19.

Kirsten Marathon Melkevik og Torbjørn Thorsen Ludvigsen

BLEI NORGESMEISTRAR: Kirsten Marathon Melkevik og Torbjørn Thorsen Ludvigsen vann kvar si klasse og blei dermed norgesmeistrar under motbakkeløpet Storehesten Opp.

Foto: Britt Merete Aaase

Beste kvinne blei Kirsten Marathon Melkevik frå idrettslaget Gular. Tida hennar blei 1.20.42. Dei blei dermed noregsmeistrar i kvar si klasse.

Motbakkeløpet i Gaular blei i dag arrangert for åttande gong og løpet går til toppen av fjellet Storehesten som ligg 1209 meter over havet.

Spring 1209 høgdemeter

I tillegg til å vera med i motbakkecupen er løpet også noregsmeisterskapen i motbakkeløp 2013. Løpet og fjellturen er lagt opp både for konkurransedeltakarar og mosjonistar

Konkurranseklassen starta frå Sveen (0 meter over havet) medan mosjonistane med og utan tidtaking starta frå Stølshaugane (410 meter over havet).

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Tøff start for mosjonistane

Det var om lag 950 som stilte til start i dag, 700 i mosjonsklassen og 250 i konkurranseklassa. Av dei var 190 med i noregsmeisterskapen i motbakkeløp.

Arrangementsansvarleg Helge Kårstad seier det blei ein tøff start på dagen.

– Det regna kraftig i natt, så mosjonistane som starta i dag tidleg fekk det tøft. Heldigvis letta vêret utover dagen og no har eg fått melding om at det vêret er fint på toppen og at sola kjem fram, seier han til NRK.no.

Arrangørane har berre fått gode tilbakemeldingar om årets løp.

– Dei tilbakemeldingane vi har fått er at folk syntes dette vart ein veldig flott tur. Det gjekk veldig bra, og det er kanskje litt av sjarmen med å gjere slike ting i regionen vi bur i, at vêret skiftar. Og dei skiftingane kan jo i og for seg vere ei oppleving, seier Kårstad.

I fjor blei løpet kraftig amputert på grunn av dårleg vêr. Løyperekordane er frå 2011 då John Sompol frå Kenya sprang på 1.03.15, og i dameklassa klarte Heide Weng turen på 1.17.14.

Motbakkeløpet Storehesten Opp 2013

SJÅ VIDEO: Motbakkeløpet Storehesten Opp 2013 blir arrangert for åttande gong. Her er nokre av dei som er var i konkurranseklassen. Foto: Sindre Sunde Tveit, NRK.