Hopp til innhold

Bergen kjempar for base i Florø

Eit samla næringsliv i Bergen krev at redingshelikopterbasen i Florø blir etablert.

Redningshelikopter
Foto: Randi Indrebø / NRK

Regjeringa og Stortinget har tidligare vedteke at det skal ligge ein redningshelikopterbase i Florø. Men den siste tida har denne blitt sett opp mot ein base i Nord-Norge, på grunn av pengemangel.

At ein slik base blir etablert i Florø er viktig også for Bergen, seier Helge S. Dyrnes i Bergen Næringsråd.

 Han krev at det blir slutt på nølinga frå regjeringa og at det blir gjort eit klart vedtak. Bergen Næringsråd krev vidare det blir løyvd pengar på neste års statsbudsjett.

Uklar justisminister

Knut Storberget
Foto: NRK

Justisdepartementet seier i ei pressemelding at dei endå ikkje har trekt noko konklusjon i denne saka. Tidlegare i veka kom det fram i Stavanger Aftenblad at justisminister Knut Storberget har konkludert med at basen skal leggjast til Florø. Men dette avviser departementet og seier dei etter ei samla vurdering vil kome med eit forslag til stortinget.

I dag, laurdag, kjem Statsminister Jens Stoltenberg til årsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Det er då forventa at han klargjer kva som er regjeringa sitt syn i denne saka.