NRK Meny
Normal

Vil berge både Stryn og Høyanger

Både borgarlege og raudgrøne parti vil unngå desse kutta.

Høyanger og Stryn

TRYGGE: Det kan sjå ut til at både f.v. Høyanger og Stryn vidaregåande skular kan berge seg unna kuttlista til fylkestingspolitikarane.

Foto: Heidi Lise Bakke/Kirsti Horne / NRK/privat

Politikarane i opplæringsutvalet verkar samde om å la både Stryn og Høyanger vidaregåande skular får overleve når den nye skulebruksplanen skal leggjast.

- Vi har vore i diskusjonar med dei raudgrøne partia SV og Senterpartiet og vi fekk opp ei skisse frå ordførarane i Nordfjord i dag til fordeling av linjer og tilbod i Nordfjord. Det har vi i Ap støtta oss på, og vi vil be administrasjonen greie ut den skissa, seier Nils P. Støyva.

I juni skal fylkestinget kutte minst 70 millinoar kroner i dei vidaregåande kulane fordi det blir 500 færre elevar dei neste ti åra, og fordi fylkeskommunen difor får mykje mindre pengar å drive desse skulane for.

Kommunane i indre og midtre Sogn har allereie føreslege kraftige nedskjeringar i eigen region. Også kommunane i indre Sunnfjord har gått inn for å leggje ned ei skuleavdeling. Presset mot Nordfjord har difor auka monaleg.

Færre elevar over heile linja

At Nordfjord-ordførarane måndag ettermiddag sette seg saman og fordelte klassar mellom dei fire skulane i Nordfjord var også grunnen til at Høgre, FrP og Venstre gjekk for den løysinga, fortel Noralv Distad (H).

Noralv Distad, ordførar Aurland kommune

HELD KUTTA: Noralv Distad (H) meiner kutta er nok til å halde fast på innsparingskravet på 70 millionar kroner.

Foto: Margunn Tolleshaug, Aurland kommune

- Grunnen til at vi no har funne ei løysing for Nordfjord er at kommunane der har komme fram til eit forslag til modell. Dei ønskjer at det skal vere fire skular, og det er det mogleg å få til. Men det betyr færre elevar ved Stryn vgs. enn i dag, samtidig som det også vert reduksjon ved andre skular i Nordfjord, seier Distad.

Når det gjeld Høyanger vert det også redusert i forhold til dagens tilbod. Det vert også ein reduksjon i Sunnfjord totalt sett, held Distad fram.

Både dei raudgrøne og dei borgarlege partia vil elles justere litt på tilboda frå fylkesrådmannen ved fleire skular i Sunnfjord og i Sogn.

Vil ha fleire utgreiingar

Dei raudgrøne vil i samband med møtet i opplæringsutvalet i dag be administrasjonen greie ut einskilde økonomiske og faglege konsekvensar av dei endringane som no vert føreslegne.

- Dette er såpass kompliserte forhold både fagleg og økonomisk at vi i Arbeidarpartiet føler at her må ein spele på lag med administrasjonen som sit med dette i dagen. Og så må vi få faglege utgreiingar og øknomiske vurderingar av dette før vi går i gang med å gjere endelege vedtak, seier Støyva.

Nils P. Støyva

IKKJE KONKLUDERT: Ap og Nils P. Støyva har ikkje konkludert når det gjeld Hordalandsavtalen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Betyr det at dette kan ta så mykje tid at det vil halde hardt å nå fylkestinget i juni?

- Nei, vi legg opp til at dette skal opp i fylkestinget i juni. Men kanskje må vi ha eit ekstra møte i opplæringsutvalet der vi får framlagt desse utgreiingane og vurderingane, og så kan vi ta stilling til saka, seier Støyva.

Alt må kvalitetssikrast

Ingen av partia er så langt heilt ferdige med å få på plass det endelege innhaldet i dei forskjellige skulane.

- Når vi no skisserer våre løysingar skal vi gå heilt konkret til verks for kvar einskild skule. Dette må kvalitetssikrast, men i hovudtrekk har vi konkludert med at det er fullt forsvarleg å gå vidare med ein modell der ein opprettheld Stryn og Høyanger vidaregåande skular, samt Hordalands-avtalen, seier Noralv Distad om dei borgarlege partia sitt forslag.

Når det gjeld Hordalandsavtalen er dei borgarlege partia klare på å behalde den. Dei vil også truleg få støtte frå Senterpartiet, men avtalen skal reforhandlast med Hordaland og Arbeidarpartiet er litt avventande.

- Vi har ikkje heilt konkludert når det gjeld Hordalandsavtalen. Vi ser at det er eit fleirtal i fylkestinget for å behalde avtalen, men dette må vi bruke litt meir tid på, seier Støyva.

Meiner dei sparar nok

Omlegginga av skulestrukturen skal i utgangspunktet gi 70 millionar i innsparingar. Dei borgarlege partia står fast ved at det står ved lag i deira forslag.

- Vi held fast på innsparingsbehovet på 70 millionar kroner, seier Distad.

Norvall Nøringset (SV) som er med på dei raudgrøne sitt fellesforslag, tvilar derimot på om dei når den innsparinga.

Norvall Nøringset

MÅ TA MEIR: Norvall Nøringset (SV) trur ikkje desse kutta vert nok, og spår ny kuttrunde om tre år.

Foto: Vegar Erstad / NRK

- Eg ser at ein har nådd eit innsparingskrav som kanskje held til 2016 utifrå dei tala vi veit. Då vil fylkestinget på det tidspunktet sjå på skulesituasjonen på nytt og gjere nye vedtak, seier Nøringset.

Han legg til at ein får sjå kva som skjer i løpet av dei tre åra som kjem.

- Folketalsmessig, eventuelt økonomisk og så vidare. Eg trur ein står i den situasjonen, seier Nøringset.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå