Hopp til innhold

Berga seg ut frå brennande hus

Ein mann berga seg ut frå eit brennande hus på Stårheim i Eid kommune i natt.

Brann Stårheim

KONTROLL: Brannvesenet fekk etter kvart kontroll, men måtte kjempe mot flammar som stadig blussa opp.

Foto: Brannvesenet

Politi, helse og ambulanse fekk meldinga rundt klokka 03.30, og rykte ut til huset.

– Då vi kom var folk på staden i ferd med å sløkke med vatn. Dei hadde prøvd å dempe flammane, seier Ketil Nord, brannsjef i Eid.

– Blussa stadig opp att

Då brannvesenet kom til staden gjekk dei inn med røydykkarar.

– Det var brann i første etasje. Dei lokale hadde prøvd å dempe det, men det var ganske stor røykutvikling, og opne flammar i første etasje. Det blussa stadig opp att, seier brannsjefen.

Til slutt fekk brannvesenet kontroll. Huset vart ikkje overtent.

– Vi har byrja å pakke saman og rigge ned, og vi forlate staden. Men vi vil ha folk som held det under oppsikt ei stund til.

Mann til sjukehus

Mannen som var i huset berga seg sjølv ut. Politiet melder at han er sendt til Eid sjukehus for kontroll.

– Han vart teken hand om av helsepersonell. Det såg tilsynelatande bra ut med han, seier brannsjef Nord.

Politiet melder at årsaka til brannen førebels ikkje er kjent, og at saka vil verte etterforska vidare ved lensmannskontoret.

Brann i hus på Stårheim

SKADER: Det brann i første etasje og det var stor røykutvikling i huset.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
brann stårheim