Hopp til innhold

Berga redaksjonen frå brann

Brannen i avisa Firda fredag kveld får ingen konsekvensar for mediehuset sin avisproduksjon. Det er klart etter at ein har fått gått gjennom det tekniske utstyret.

Utbrend klimaanlegg i Firda-bygget
Foto: Yngve Årdal, Firda

– Etter det vi kjenner til no, så ingenting av produksjonsutstyret vårt råka av brannen. Det er vi svært glade for, seier ansvarleg redaktør Yngve Årdal.

Fire måtte evakuere

Yngve Årdal

LETTA: Firda-redaktør Yngve Årdal. Arkivfoto

Foto: Bård Siem / NRK

Det var like før klokka 22 fredag kveld at brannalarmen gjekk i Firda Media sine lokale i Førde sentrum. Fire medarbeidarar var på jobb i bygget. Då dei opna døra til eit trapperom som fører opp på taket, slo røyken mot dei og det var berre å komme seg ut.

Då brannmannskapa kom på staden var det opne flammar i eit ventilasjonsrom på taket av bygget, men brannen vart raskt sløkt og ingen personar kom til skade.

– Vi må berre rose brannvesenet. Det var heldig at vi låg midt i sentrum med kort utrykkingstid, konstaterer Årdal.

Brannutrykning Firda-bygget

SÅG DRAMATISK UT: Naudetatane var raskt på staden då brannalarmen gjekk i Firda-bygget fredag kveld.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Slapp vasskadar

Firda sine redaksjonslokale ligg i andre høgda av det to etasjar høge kontorbygget frå 1986. Avislokala vart totalrenoverte for eit drygt år sidan, og så langt ser det ikkje ut til at ein har fått vasskade nedover i bygget.

– Det brann i anlegget som sender friskluft inn i bygget. Det var brukt relativt lite vant under sløkkinga og vi har ikkje oppdaga lekkasjar ned i etasjen under, opplyser Årdal.

Han seier dei har tilsette på jobb i bygget som normalt laurdag. Brannen vil heller ikkje få konsekvensar for måndagens papiravis som blir produsert søndag kveld. Trass 10 minusgrader og eit friskluftanlegg ute av drift, skal det ikkje vere problem med oppvarminga av bygget.

Brannen starta truleg i ein elmotor knytt til friskluftanlegget på bygget.

Avishuset Firda

PÅ TAKET: Brannen oppstod i eit ventilasjonsrom på taket av det to etasjar høge Firda-bygget. Avisa sitt trykkeri ligg i den lågare delen av bygget, til venstre i biletet. Arkivfoto

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK