Berga kvinne ned frå fjellet

Mannskap frå Røde Kors henta ned ei kvinne som hadde gått seg vill i fjellet i Leikanger.

Det var klokka 14:45 at politiet fekk melding frå Røde Kors om kvinna som ikkje klarte å orientere seg i nærleiken av fjellet Kjerringa.

To snøscooterpatruljer blei sende ut på oppdraget. Dei fann kvinna og frakta ho ned frå fjellet. Ho slapp uskadd frå fjellturen.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.