Hopp til innhold

Pus (4 mnd) sette ferjetrafikken på vent i natt

Med makrell i tomat som lokkemiddel, klarte ferjemannskapet på ferja Lifjord å roe den vesle kattungen som hadde gøymt seg i ein krok på ferja. No spør dei seg om katten kan ha blitt dumpa i løpet av natta.

Refvik Sandven

SKIPSKATTEN: Styremann Arnkjell Refvik og matros Sebastian Sandven tok vare på den vesle katten om bord i ferja Lifjord.

Foto: Bettina Astor

Seint i natt fekk matrosen på bildekket på MF Lifjord ei uvanleg melding frå ein av passasjerane om bord. Dei hadde høyrt høglydt katteklaging på dekk. Mannskapet sette straks i gong ein leiteaksjon

– Inne i ein krok fann vi ein katt som nokon truleg hadde sleppt laus nede på dekk i løpet av natta. Så vi måtte sitje barnevakt for den i ein times tid før dyrevernet kom og henta den, fortel styremann Arnkjell Refvik til NRK.

Fekk mat og vatn om bord

Medan dei venta på at dyrevernet kom på plass, tok dei katten med inn i salongen der den vesle pusen fekk roa seg ned med makrell i tomat og vatn. Korleis kattungen har kome om bord, styrmann Refvik usikker på.

– Det har skjedd før, så er jo sannsynleg at nokon har dumpa den. Men det kan jo vere ein som har stukke av frå ein bil, men vi høyrde ikkje om nokon som sakna ein katt i alle fall. Sannsynlegvis er den dumpa, meiner Refvik.

Det var Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane som midt på natta tok på seg oppdraget med å ta vare på den ufriviljuge skipskatten på MF Lifjord.

– Eg fekk ein telefon klokka kvart på fire i natt, det var mannskapet som ringde om at dei hadde fått ein kattunge om bord. Den var veldig redd og eg høyrde at den hylte i bakgrunnen. Dei hadde fått fanga den inn og ville at eg skulle kome og hente den, fortel Astor.

Pusen på ferja

NAMNLAUS SJARMØR: Den om lag fire månader gamle katteguten har no funne roa på eit skinn heime hos Bettina Astor.

Foto: Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane

Vanskeleg å vite kva som har skjedd

Ho er storleg imponert over ferjemannskapet, som endåtil sette biltrafikken på vent i over tjue minutt, slik at ho kunne kome seg ut til ferjekaia i Lavik for å hente kattungen.

– Dei tok omsyn til kattungen framfor trafikken. Det synest vi er heilt fantastisk, seier Astor, som har vore aktiv i dyrevernet i ei årrekkje.

– Kva trur du kan ha skjedd?

– Eg synest det er vanskeleg å trekkje ein forhasta slutning om denne kattungen er dumpa eller ikkje, men om det skulle vere tilfelle så er det heilt forkasteleg. Vi vil gjere alt for å finne ut kva som har skjedd.

Ho tok med seg kattungen heim, og ifølgje Astor har den om lag fire månader gamle katteguten funne seg godt til rette.

– Han ligg no og søv, veldig sliten. Han sjangla faktisk fordi han var så trøytt og sliten. Han har nok hatt ei vond oppleving i natt. No har han funne roa, er mett og god. Han er trygg og god og søv godt, seier Bettina Astor.

Katten er ikkje ID-merka

Styrmann Arnkjell Refvik på MF Lifjord er glad for at kattungen no har funne roa heime hos Bettina, i staden for å måtte gøyme seg, livredd om bord i den store ferja.

– Vi hadde no ikkje lyst å sleppe den laust heller. Vi måtte no ta vare på den på eit vis. Vi vart jo liggjande gode tjue minutt medan vi venta på at ho skulle kome. Vi kunne kanskje venta litt utover dagen i dag, men vi har vel ikkje akkurat innreiing for kattar om bord, smiler Refvik.

Katten er ikkje ID-merka, noko som gjer det ekstra vanskeleg å finne ut kvar den høyrer heime.

– Kattungen er tam og velstelt, så dersom det skulle vise seg at kattungen er elska og sakna, og at dette har skjedd et ved et uhell, er eigar velkommen til å ringe meg, seier Bettina Astor i dyrevernet.