Gillie i kattepine i to dagar - dramatisk bergingsaksjon

Mange gode hjelparar gjekk saman då katten til Anette Midthjell Sørland vart funnen og berga etter å ha vore sakna i to dagar.

Kattedrama Nordfjordeid

DET ENDA GODT: Frå v. politibetjentane Hanne Heggen og Marie Ingeborg Espe, bergingsmannen Jon Inge Holmgren frå Eid Motor, katteeigaqr Anette Midthjell Sørland og psykolog Mary Ann Refseth.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Gillie, som katten heiter, hadde ikkje vore å sjå på dagevis. I dag vart det oppdaga at det sat eit lite dyr inne i motorrommet på ein bil som var parkert rett utanfor NRK-kontoret på Nordfjordeid.

– Katten har hamna inne i motoren på bilen til Liv Lyng. Det er uråd å få tak i han, så difor må vi ha bergingsbil og løfte bilen opp, så vi kan ta han ut underfrå, seier Anette Midthjell Sørland til NRK-reporteren med svært kort utrykkingsveg.

I tillegg til ein bergingsbil operert av Jon Inge Holmgren var to politibetejntar og ein psykolog involverte i dette kattedramaet, som enda godt. Men det var ikkje berre enkelt å få Gillie ut frå gøymestaden.

Høyr radioreportasjen om korleis det gjekk til.

Anette Midthjell Sørland med Gillie

VARM VELKOMST: Anette Midthjell Sørland var svært glad for at Gillie kom velberga frå

Foto: Harald Kolseth / NRK
Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.