NRK Meny
Normal

Berga frå fjellet – hamnar rett på slaktebenken

Det vart eit lukkeleg utfall av bergingsaksjonen. Men dei tre sauene, som hadde stått fast i snøen i tre veker, går likevel ei usikker framtid i møte.

Sauer berga frå fjellet

VART BERGA: Dei tre sauene vel på plass i tilhengaren etter aksjonen ved Harpefossen i Eid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Seks sauebønder gjer seg klare på parkeringsplassen ved Harpefossen skisenter i Eid. Dei har med seg tau og ekstra utstyr, og er godt kledde. Oppdraget er å berge ned tre sauer som står fast i Hjelmelandsdalen.

Berga sauer frå fjellet

VART BERGA: Jon Bjarne Hjelmeland og leiar i Eid sau og Geit, Arve Dahl, med to av dei tre sauene som vart berga ned frå fjellet med helikopter

Foto: Harald Kolseth / NRK

Sidan dei tre sauene ikkje ville vere med under sankinga i september har det blitt gjort fleire forsøk på å få dei heim.

– Eigaren har gått etter dei i ein månad, seier Vidar Haugland, sankesjef i det lokale sauelaget.

Mellom anna vart det leita med helikopter, utan resultat. Men så vart dei oppdaga av ein sauebonde som var på tur i området. Utan at det gav umiddelbar utteljing.

– Då var elva så stor at vi ikkje fekk dei over. Seinare var vi oppe igjen, men då såg vi ikkje dei, seier Torulf Hjelmeland, bonden som eig sauene.

Sidan har det snøa og no ligg den bortimot ein meter tjukk i dalen. I dag har dei igjen eit helikopter med seg i forsøket på å få sauene ned.

– Dyrevelferd går framfor alt, seier sauebonden.

Berga tre sauer

BERGINGSAKSJON: Etter fleire mislukka forsøk, gjekk dei seks sauebøndene saman om eit siste forsøk på å få sauene heim.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Denne gongen skulle aksjonen lukkast og sauene vart frakta ned. Fulle i snø og utan mat på tre veker, men elles i god form.

– Dette er heilt fantastisk, eg blir berre rørt. Det er dyr vi passar på heile tida og godt å sjå at vi får dei heim, seier Arve Dal, leiar i Eid sau og geit.

Sjølv om det enda godt, får ikkje sauene nyte fridomen lenge.

– No skal dei få noko mat og så skal dei nok sendast til slakteriet. Dei som ikkje kjem seg heim igjen om hausten, dei kan vi ikkje satse på, seier far til saueeigaren, Jon Bjarne Hjelmeland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.